Kystruteskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Galtesund» var eit kystrutskip for Arendals Dampskibsselskab.

Kystruteskip er eit fartøy sertifisert for rutetrafikk langs norskekysten innanfor 20 nautiske mil av grunnlinja, og over opne, uverna havstykke lenger enn 25 nautiske mil (liten kystfart).

Dei første kystruteskipa var dampskip som gjorde det mogeleg å utvikle relativt regelmessige samband langs heile norskekysten. Det første kystruteskipet var hjuldamparen DS «Constitutionen» på ruta frå Oslo til Kristiansand. I 1842 vart det etablert ei kystrute frå Trondheim til Kristiansand via Bergen.

Det første kystruteskipet til Nord-Noreg var hjuldamparen DS «Prinds Gustav» som gjekk frå Trondheim med kurs nordover 5. mars 1838. Det tok ytterlegare 55 år før Hurtigruta var ein realitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]