Kystslette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kystslette i Albania

Ei kystslette er eit område med flatt lågland nær ein kyst som er skilt frå innlandet av andre landformer. Ei av dei lengste kystslettene i verda finn ein vest i Sør-Amerika. Den sørvestlege kystsletta i Nord-Amerika er særmerkt av artsmangfaldet. Golfkystsletta i Nord-Amerika strekkjer seg nordover frå Mexicogolfen langs Mississippielva til Ohioelva, ein avstand på om lag 800 km. I krittida var området midt i det som i dag er USA dekt av ein grunn innsjø som forsvann etter kvart som landet heva seg. Store fossil av sjøfuglane Hesperornis og Ichthyornis som vart funne vest i Kansas, viser at innsjøen var rik på fisk. Kystsletta langs Mississippielva kan knytast til ein om lag 6 000 år gammal grunn innsjø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]