Kystverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystverket

TypeForvaltingsorgan
Org.nummer874783242
Skipa1974[1]
HovudkontorÅlesund
KystdirektørKirsti Slotsvik[2]
Tilsette1 129 (2013)[3]
UndergrupperKystverket Rederi[4]
EigarskapSamferdselsdepartementet
Lokale ledd5 regioner[5]
Nettstadhttp://www.kystverket.no/ Sjå dette på Wikidata

Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på sjøen langs kysten av Noreg. Kystverket er organisert med eit hovudkontor i Ålesund (Kystdirektoratet), fem kystdistrikt med distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg og ei beredskapsavdeling i Horten.

Kystverket har 12 større fartøy som vert nytta til nybygging, vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter, lanterner og merke langs kysten. Kystverket har ansvaret for lostenesta og Trafikksentralar.

Kystdirektoratet vart til i 1974 då Fyr- og merkevesenet, Losvesenet, og Hamnedirektoratet blei slått saman. I 1981 blei verksemda omforma til Kystverket, med Kystdirektoratet som hovudkontor. Frå 2007 har heile verksemda hatt namnet Kystverket.[6]

I 2008 vart Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket, formelt danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Korleis Kystverket vart Kystverket, arkivert frå originalen 30. januar 2018, henta 25. januar 2018 
  2. Kystverket si leiargruppe, arkivert frå originalen 5. april 2012, henta 25. januar 2018 
  3. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
  4. Kystverket Rederi, arkivert frå originalen 10. juni 2015, henta 25. januar 2018 
  5. Organisering, arkivert frå originalen 21. desember 2011, henta 25. januar 2018 
  6. www.kystverket.no, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 25. februar 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]