László Tábori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

László Tábori (fødd 6. juli 1931 i Košice) er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar. Han tevla spesielt i mellom- og langdistanseløp.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

László Tábori tok til å satsa aktivt på friidretten i 1950-åra. Den 6. september 1955 deltok han i 1500 meter på Bislett stadion i Oslo. Både Tábori og dansken Gunnar Nielsen tangerte verdsrekorden på 1500 meter som tilhøyrte ungarske Sándor Iharos: 3,40.8.[1][2]

Dei einaste olympiske leikane Tabori deltok i, var sommar-OL 1956 i Melbourne. Leikane fann stad samtidig med den blodige oppstanden i Ungarn, og var difor ei vanskeleg tid for ungararane. Sándor Iharos deltok ikkje i Melbourne-OL, og ein annan ungarsk storfavoritt rauk ut før finalen. Tábori kvalifiserte seg derimot til 1500 metersfinalen der han kom på ein respektabel fjerdeplass. Han deltok også i 5000 meter og enda på sjetteplass.

László Tábori kom aldri tilbake til Ungarn etter leikane, men reiste til USA, der han slo seg ned i Los Angeles. Av di han korkje kunne delta for Ungarn eller for USA i 1960, fekk han ikkje delta i det neste OL. Han deltok heller ikkje i fleire store internasjonale tevlingar. László Tábori er no aktiv som friidrettstrenar i USA.[3]

I 1990 var László Tábori ein av ni idrettsutøvarar som vart tildelt Bislett-medaljen for historiske idrettsbragder på Bislett stadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]