Låge Tatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Låge Tatra i Slovakia (i grått)
Ďumbier (høgre) og Chopok (midten)

Låge Tatra (slovakisk Nízke Tatry; ungarsk Alacsony Tátra[1][2][3]) er ei fjellkjede sentralt i Slovakia. Ho ligg sør for Høge Tatra og mellom dei renn elva Váh. Dalen danna av elva Hron ligg sør for Låge Tatra. Ryggen går frå vest til aust og er om lag 80 km lang.

Čertovicapasset deler fjellkjeda i to delar. Den høgaste delen av Låge Tatra ligg i vest. Ďumbier er det høgaste fjellet på 2042 meter over havet. Nabotoppen Chopok (2024 moh.) er tilgjengeleg med stolheis og er den mest vitja staden i Låge Tatra. Andre toppar i den vestlege delen er Dereše (2004 moh.) og Chabenec (1955 moh). Den høgaste toppen i den austlege delen er Kráľova hoľa (1946 moh.). Dei beste utsiktspunkta i vest er Veľká Chochuľa, Salatín, Chabenec, Skalka, Chopok, Ďumbier, Siná, Poludnica og Baba.

Fleire karstområdet finst i kalkstein- og dolomittformasjonar i dei sørlege og nordlege endane av hovudryggen, som består av granitt og gneis. Her finst fleire grotter som er opne for ålmenta. Den største kløfta i fjellet er Hučiaky under Salatín i Ludrovádalen nær Ružomberok. Den høgaste fossen er under Brankov nær Ružomberok - Podsuchá - med eit fall på 55 meter.

Fjella er kledd med tett skog og har eit rikt dyreliv som inkluderer brunbjørn, ulv og gaupe. På dei alpinene beitemarkene finn ein tatragemse.

Nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Låge Tatra er verna som ein del av Låge Tatra nasjonalpark (Národný park Nízke Tatry; forkorta NAPANT), som vart oppretta i 1978. Nasjonalparken dekkjer 728 km² og har ein buffersone på 1102 km² (425.48 mi²), i alt 1830 km².

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme er ei stor næring i Tatrafjella. Om vinteren er fleire skistader i Låge Tatra opne, som Jasná, Mýto pod Ďumbierom og Tále. Jasna er det største skisenteret i Mellom-Europa og vert tent av turstibyen Liptovsky Mikulas. Liptovsky Mikulas er òg eit turistsenter om sommaren og tilbyr aktivitetar som rafting, kajakkpadling, roing, og fiske. Den bratte nordsida av fjellkjeda er populær hos fjellklatrarar.

Låge Tatra om vinteren
Demänovská dolina-dalen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Låge Tatra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Střední Slovensko ("Central Slovakia")». Encyclopedia Britannica. 2008. ""The population of the kraj is mostly Slovak, with a small Hungarian minority"". 
  2. Fylke i det ungarske kongedømet (1913)
  3. Cartographia Világatlasz, Bp., 1998, s. 24

Koordinatar: 48°57′N 19°30′E