Lågtrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit kraftig lågtrykk sørvest for Island. Skybanda rundt lågtrykket viser korleis luftstraumane roterer inn mot lågtrykkssenteret. 4. september 2003.

Eit lågtrykk er eit område der det atmosfæriske lufttrykket er lågare enn i dei omliggande områda. Tropiske stormar, ekstratropiske syklonar, subpolare syklonar og subarktiske syklonar er alle former for lågtrykk.

Fysisk[endre | endre wikiteksten]

Atmosfæren er slik at den alltid vil prøve og vere i likevekt. Det betyr at når eit lågtrykk oppstår vil lufta strøyme inn mot senteret av lågtrykket for å utlikne trykkskilnaden. Sidan jorda roterer vil luftstraumane bli bøygd av mot høgre på nordlege halvkule, og mot venstre på den sørlege halvkula (kjend som corioliskrafta). Dermed vil ikkje luftstraumane gå direkte inn mot lågtrykkssenteret, men bevege seg i sirklar nærmare og nærmare senteret. På nordlege halvkule bevegar luftstraumane seg mot klokka på veg inn mot lågtrykket. I lågtrykksenteret konvergerer lufta som då byrjar å stige. Dette medfører adiabatisk avkjøling og lufta kondenserer til skyer. Derfor er lågtrykk assosiert med skya ver som minimerer temperaturskilnaden mellom natt og dag. Skydekket fører til at mindre sollys slepp ned til overflata, og om natta hindrar skydekket langbølgja utstråling (varmetap). Frontsoner er òg tett knytte til lågtrykk, og stigande luftrørsler i samband med desse fører óg til skya vêr og nedbør.

Eit kraftigare eller djupare lågtrykk fører til at trykkgradienten (trykkskilnaden mellom lågtrykket og dei omliggande områda) blir større. Dette merkar ein igjen på at vinden blir kraftigare. Er trykkgradienten stor nok kan vinden nå både storm og orkan styrke.

Klimatologisk[endre | endre wikiteksten]

Klimatologisk blir det danna lågtrykk i den intertropiske konvergenssonen (ITCZ) som ein del av sirkulasjonen i hadleycella. Fordi solinnstrålinga er kraftigast over ekvator vil lufta der stige fordi den blir varmare enn den omliggande lufta. Dette fører til eit meir eller mindre konstant lågtrykksområde rundt ekvator.

Termale lågtrykk[endre | endre wikiteksten]

I svært varme område, som ørkenar, kan det oppstå såkalla termale lågtrykk. Desse oppstår når overflata raskt blir varma opp, og lufta over byrjar å stige. Dette fører til isolerte lågtrykk ved overflata.