Lån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit lån er ein avtale mellom to partar der den eine parten, långjevar eller kreditor, låner ut noko, til dømes ein sum pengar, og den andre parten, låntakar eller debitor (også kalla skyldnaren), tar på seg ei forplikting til å levere eller betale det innlånte tilbake etter ei nærare avtale. Pengelån medfører som oftast eit ytterlegare vederlag, typisk i form av rente.

Långjevar har ei fordring på låntakar.

Karakterisering av pengelån[endre | endre wikiteksten]

Ei pengefordring, t.d. ein obligasjon, er typisk gitt ved

  • sitt pålydande, også kalla hovudstolen
  • ein regel for tilbakebetaling av hovudstolen, som vert kalla avdragsprofil eller amorteringsforløpet
  • ein regel for rentebetaling
  • ein regel for å sette rente

Perioden mellom tidspunktet for diskontering av lånet og tidspunktet for den siste betalinga, utløpstidspunktet, vert kalla lånet si løpetid. Tidspunkt for betaling på lånet vert kalla terminar, og oftast er der 1, 2, 4 eller 12 likt fordelte terminar på eit år.

Betaling av eit lån vert typisk delt opp i rente og avdrag, der summen av avdraga over lånet si løpetid normalt er lik hovudstolen. Restgjelda på eit gitt tidspunkt er hovudstolen fråtrukke alle tidlegare betalte avdrag.

Avdragsprofilar[endre | endre wikiteksten]

Eit lån som har det same avdraget kvar termin, vert kalla eit serielån. Innbetalingene vil her normalt stadig bli mindre i og med at gjelda ein betaler rente på, minkar, og dermed minkar også rentedelen.

Eit lån som har dei same innbetalingane kvar termin, vert kalla eit annuitetslån. Her vil avdraga auke og rentedelen normalt minke når ein nærmar seg utløpstidspunktet.

Eit lån som berre har eitt avdrag, på utløpstidspunktet, vert kalla eit ståande lån.

Renteberekning[endre | endre wikiteksten]

Rentebetalinga på eit termintidspunkt vert typisk rekna ut i frå ein tidlegare sett rentesats, delt på talet terminar per år og ganga med restgjelda før avdraget på same termin. Dersom rentesatsen er konstant i ei avtala periode, har lånet ei fast rente. Dersom renta følgjer marknadsrenta har lånet ei flytande rente.

Et lån utan utløpstidspunkt, og låntakar derfor berre betalar rente, vert kalla eit uamortisabelt lån eller ein perpetuitet. Slike lån vert ofte marknadsført mom Flexilån.

Effektiv rente på lån består av fleire delar, inkludert nominell rente, etableringsgebyr og termingebyr[1]. Nominell rente er derfor ikkje representativt for lånets verkelege kostnad.

Sikkerheit[endre | endre wikiteksten]

Det er ofte eit vilkår for pengelån at låntakar stiller sikkerheit for lånet. Dersom lånet vert rekna som tapt vil långjevar normal forsøke å realisere trygginga for å dekke det uteståande. Ei slik sikkerheit kan vere:

  • Pantsetjing, enten i form av
    • håndpant, der debitor fysisk gjev frå seg det pantsette, som t.d. ved å gje kreditor verdipapir som sikkerheit
    • underpant, der kreditor sit på eit tinglyst pantebrev i aktiva som høyrer til debitor (fast eigedom, lausøyre, bil eller liknande).
  • Kausjon, der ein eller fleire kausjonistar tar på seg å innfri lånet dersom debitor er ikkje er stand til det. Her vil det ofte vere kausjonistane som stiller med eit pant.
  • Bankgaranti, der ein bank (mot betaling) garanterer tilbakebetalinga.
  • Forsikring, som kan teiknast mot manglande betaling i tilfelle av manglande betaling frå ein debitor pga. dødsfall eller invaliditet.

Kredittrisiko[endre | endre wikiteksten]

Eit lån der avtalt betaling ikkje har funne stad, er mislegheldt, og låntakar er i restanse.

Dersom restansen har vara lengre enn ei gjeven periode, kan långjevar seie opp et lån og krevje umiddelbar innfriing. Når det er stilt sikkerheit for lånet, vil kreditor kunne forsøke å realisere denne. Samtidig vil låntakar typisk måtte betale ei høgare rente, kalla morarente, og eit gebyr.

Risikoen for misleghald og med den følgje at det oppstår tap for långjevar vert kalla kredittrisiko. I Noreg er det vanleg at kredittrisiko vert estimert før långjevar aksepterer eit utlån. I dette inngår ofte ei kredittvurdering av eit ratingbyrå.

Lover og regler[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert utlånsverksemd regulert av ei rekke lover, mellom anna Finansavtalelova.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordforklaringer». 
  2. http://www.lovdata.no/all/hl-19990625-046.html
Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.