Lånke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lånke
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Stjørdal
Areal 1,26 km²
Folketal 1 921  (2023)
Folketettleik 1 525 / km²
Postnummer 7517 HELL
Innbyggjarnamn lånkbygg
Kart
Lånke kommune
63°26′41″N 10°56′03″E / 63.444722222222°N 10.934166666667°E / 63.444722222222; 10.934166666667
Wikimedia Commons: Hell, Norway

Lånke er ei bygd i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke. Lånke var tidlegare sjølvstendig kommune, før kommunane Hegra, Skatval, Lånke og Stjørdal vart lagt saman til den noverande Stjørdal kommune den 1. januar 1962.[1]

Lånke har i nær 3 500 innbyggjarar, der ein stor del bur i tettstaden og bygdesenteret Hell. Lånke er mellom anna kjend for Hell Blues Festival og Hell stasjon, der det er eit berømt skilt med påskrifta «Hell Gods Expedition». Fylkesveg 705 (Selbuveien) bind Lånke saman med Stjørdalshalsen i nord og Selbu i sør. Europaveg 6 går gjennom bygdesenteret Hell.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Naturen i Lånke består for det meste av åkerlandskap og blandingsskog og der er mange gardsbruk i Lånke, med bønder som produserer korn på åkrane og ved av skogen.

I Lånke finst det fem byggefelt; Bjørgmyran, Reppe, Hell, Litjbyen og Gevingfeltet, der sistnemnte er det største. Lånke består i all hovudsak av stader med namna Sorte, Reppe, Bjørgmyan, Hell, Gevingåsen, Gevingfeltet, Dybvad, Frigården og Hell.

Det finst også fleire vegar i bygda, men de er stort sett grusvegar og smale asfaltvegar (spesielt i byggefelt). Men det finst også nokre større vegar, som for eksempel Europaveg 6 sør for Sandfærhusbrua og Fylkesveg 705 som går frå Trondheim lufthamn, Værnes i nord til Røros i sør. Denne vegen strekker seg gjennom heile bygda, og blir ofte omtalt som «Selbuvegen», sidan innbyggjarane i Stjørdal kommune brukar denne vegen når dei skal frå Stjørdal til Selbu, og eventuelt vidare sørover mot Røros og Austlandet via Østerdalen.

I bygda kan ein òg finne fleire turstiar som egner seg for alle som følar for ein tur i ein av bygdas mange skogar. Ein finn òg ein skule, ei kyrkje, ein aldersheim, ein butikk, ein bensinstasjon, eit postkontor, ein skytebane og ein militærbase i bygda.

Den 1. januar 2016 hadde Lånke sokn 3 468 innbyggjarar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska busette seg i bygda for over 6000 år sidan på Gevingåsen. Det varme klimaet gjorde forholda for jakt og fiske gunstige, noko som synest på helleristningane som dei rissa inn i berget, blant anna på Tønsåsen.

Med formannskapslovane frå 1837 var Lånke ein del av Stjørdalen formannskapsdistrikt, som blei delt i landkommunane Nedre og Øvre Stjørdalen i 1850. Den 1. januar 1902 blei Nedre Stjørdalen delt i Lånke, Skatval og Stjørdal kommuner. Lånke kommune hadde då 1 449 innbyggjarar, og grensene fall saman med soknet.[3] 1. januar 1914 blei ein mindre del av Lånke, Jøsåsgårdene med 38 innbyggjarar, overført til nabokommunen Malvik i Sør-Trøndelag, fordi vegsambandet til gardane gjekk via Malvik.[4] 1. januar 1962 blei Lånke, Skatval, Stjørdal og Hegra kommunar slått sammen til den nye Stjørdal kommune. Lånke kommune hadde ved samanslåinga 1 967 innbyggarar og eit areal på 185 km².[3]

Dei to kyrkjene i Lånke sokn, Elvran kapell og hovudkyrkja Lånke kyrkje, er langkyrkjer oppført i høvesvis 1893 og 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Stenvig (1956). «Lånke». Norges bebyggelse : Nordlige seksjon Herredsbindet for Nord-Trøndelag Søndre del. Norsk faglitteratur. s. 608. 
  2. «Folkemengde, etter grunnkrets». Statistisk sentralbyrå. Henta 5. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 Jukvam, Dag (1999). Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. 70–73. ISBN 82-537-4684-9. 
  4. Brekk, Sverre (2007). «Prestvegen fra Jøsåsen til Værnes». Historisk årbok nr. XVI. Historielagene i Stjørdalsbygdene. s. 51–53.