Lånord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lånord er ord som har komme inn i ordforrådet til eit språk frå eit anna språk, til skilnad frå arveord, som var ein del av ordforrådet då språket (eller språkfamilien det er ein del av) vart danna. Ofte kjem lånord inn i eit språk i lag med nye ting eller omgrep dei skildrar.[1] Lånord som skil seg frå andre ord i språket i til dømes gjennom «framand» skrivemåte eller bøying blir også kalla framandord.[1]

Lånordsforsking er viktig i språkhistorisk forsking, av fleire grunnar. For utforskinga av språkslektskap gjeld det å skilje mellom arveord og lånord. Der to språk har same ord for same meining, vil det vere argument for språkslektskap, men berre dersom ordet ikkje er eit lånord. Døme på tilfelle der dette er aktuelt, er spørsmålet om språkslektskap mellom uralske og tyrkiske språk, der lånord står sentralt.

Lånord kan også fortelje noko om tidlegare språksteg i det långjevande språket. Til dømes er det mange urnordiske lånord i finsk, ord som i finsk ikkje har gått gjennom dei lydendringane dei seinare gjekk gjennom i nordisk, slik at vi t.d. har kuningas «konge» og rastas, «trost» frå urnordisk *kuningaR og *trastaR, der a-en i suffikset forsvann i synkopetida i germansk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «lånord». Store norske leksikon (på norsk). 23. januar 2023.