Låvenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Låvenitt er eit sjeldan, gult til brunt mineral med monoklin symmetri. Det dannar saman med wöhleritt, rosenbuschitt og mosandritt ei gruppe zirkoniumhaldige silikat med natrium, kalsium og fluor, som er karakteristiske for nefelinsyenittpegmatitter. Det vart skildra av W.C. Brøgger i 1885.

Det er kalla opp etter øya Låven i Langesundsfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]