Lækjeveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lækjeveronika


Veronica officinalis0.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Scrophulariaceae
Slekt: Veronica Veronika
Art: V. officinalis
Vitskapleg namn
Veronica officinalis

Lækjeveronika (Veronica officinalis) er ei fleirårig urt i maskeblomsterfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing.

Lækjeveronika er ei om lag 1 dm høg plante med ein krypande stengel med opprett topp. Klasen kan bli toppstilt når den trengjer det korte toppskottet til side. Grågrøne stivhåra blad. Klaseskaft, blomsterskaft og beger kjertelhåra. Fiolett eller blå krone, 6 mm brei. Kapselen lengre enn begeret. Blømer kring juni i turre mosegrodde bakkar og skogkantar. På Hardangervidda er arten funnen opp til 1150 m høgde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.