Lærar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.

Lærargrupper[endre | endre wikiteksten]

Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:

Lærarutdanning[endre | endre wikiteksten]

Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:

  • Førskulelærarutdanning på tre år.
  • Ålmennlærarutdanning på fire år.
  • Yrkesfaglærarutdanning på tre år.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.
  • Integrert mastergrad (femårig).

Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.

Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning på 1800-talet.

I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.

Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga tre-årig, bygd på gymnas/studiekompetanse, og frå 1992 fire-årig.

Den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lærar