Lærdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 61°6′N 7°28′E

Lærdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Lærdalsøyri
Areal 1 342 km²
 - land 1 280 km²
 - vatn 62 km²
Folketal 2 160  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Audun Mo (Ap)
Kommunenr. 4642
Kart
Lærdal kommune
61°3′4″ N 7°35′52″ E
Wikimedia Commons: Lærdal
Nettstad: www.laerdal.kommune.no

Lærdal er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg ved Lærdalsfjorden inst i Sognefjorden og strekkjer seg opp til Filefjell. Lærdal er og namnet på hovuddalføret som strekkjer seg frå Lærdalsøyri mot Filefjell. Lærdal grensar i nord til Årdal, i aust til Vang og Hemsedal, i sør til Ål og Hol og i sørvest til Aurland. Over fjorden ligg Vik og Sogndal.

Omtrent 1200 av dei 2153 innbyggjarane bur på Lærdalsøyri, hovuddelen av Lærdal. Resten er spreidd rundt i dalen på dei små stadene Borgund, Ljøsne, Tønjum, Erdal, Vindedalen, Ytre Frønningen, og Strendene.

Lærdal har lange jordbrukstradisjonar, og på grunn av det tørre klimaet var det ein av dei første stadene i Noreg som brukte kunstig vatning. Til trass for innlandsklimaet, hindrar fjorden vintrane å bli for kalde.

Det lokale sjukehuset sørgjer for medisinsk assistanse for Lærdal, og dei sju omkrinsande kommunane. Sjukehuset, saman med Hydro Aluminium i Årdal og Østfold Energiproduksjon, er dei største arbeidsgjevarane i Lærdal.

Frå Gamle Lærdalsøyri
Foto: G.Lanting

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I gammalnorsk var namnet Lærardalr. Truleg er den første delen av ordet er ei genitivsform av det gamle namnet på Lærdalselvi, Lærr. Andre delen viser til at Lærdal er ein dal.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta i 1837 som Lærdal formannskapsdistrikt og femnde då attåt det meste av området som høyrer til Lærdal i dag, òg Årdal. Årdal vart skild ut som eigen kommune i 1860.[1] I 1864 vart òg Borgund skild ut som eigen kommune. Hundre år seinare, i 1964, vart Borgund slegen saman med Lærdal att. Då vart òg garden Muggeteigen med plassen Luggenes og garden Bermål på Aspevikstranda overførte frå Årdal til Lærdal kommune. I 1992 vart Frønningen overført frå Leikanger til Lærdal.[2] Ved fleire høve har grensa mellom Vang og Lærdal/Borgund vorte endra på Filefjell etter skiftesaker. Sist det skjedde var i 1979, og då vart òg grensestøtta flytt.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Lærdal kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5] 1.3.2020[7]
2410ab 2390ab 2530ab 2455ab 2328ab 2144a 2223a 2205a 2201 2199 2133
aTalet omfattar ikkje Frønning grunnkrins, som var del av Leikanger kommune fram til det vart overført til Lærdal kommune i 1992. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
bTalet omfattar ikkje området rundt garden Muggeteigen og husmannsplassane Luggenes og Bergmål på Aspevikstranda, som var del av Årdal kommune fram til det vart overført til Lærdal kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då 11 innbyggjarar.

Lærdal prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Borgund stavkyrkje
Foto: Eduardo

Lærdal var eit prestegjeld fram til 2004. Det var delt inn i tre kyrkjesokn, Hauge med Hauge kyrkjeLærdalsøyri, Tønjum med Tønjum kyrkje og Borgund med Borgund kyrkje. På Borgund står òg Borgund stavkyrkje som er eigd av Fortidsminneforeninga og fungerer som museumskyrkje. Fram til 1863 høyrde òg Årdal til Lærdal prestegjeld, men området vart då skild ut som eige prestegjeld.[8] I 1995 vart garden Frønningen overført frå Fresvik sokn i Vik, til Hauge sokn i Lærdal.[1] Frå 2004 har prosten i Indre Sogn prosti organisert prestetenesta i Lærdal.

Fiske i Lærdal[endre | endre wikiteksten]

Norsk villakssenter
Foto: G.Lantig

Lærdalselva er ei av Noregs mest tradisjonsrike lakseelver. Allereie på 1830-talet var ho omtalt av engelske laksefiskarar, og under opninga av Norsk Villakssenter i 1995 kalla Kong Harald V ho «mi andre dronning».

I 1997 blei elva angripen av lakseparasitten Gyrodactylus Salaris, og den følgjande rotenonbehandlinga drap store delar av laksestammen. Etter at parasitten dukka opp igjen i 2005, har elva blitt behandla fleire gonger med sur aluminiumsulfat, seinast i august 2012.

Elva er i dag regulert, men har krav til minstevassføring blant anna for å halde oppe fisketradisjonen.

Lærdalstunnelen[endre | endre wikiteksten]

Inni Lærdalstunnelen
Foto: Sven Harkestad

Lærdalstunnelen er med sine 24510 meter verdas lengste vegtunnel. Då han blei opna i 2000, overgjekk han St. Gotthard-tunnelen i Sveits som no er den tredje lengste tunnelen i verda. Lærdalstunnelen er ein del av E16 mellom Oslo og Bergen, og går frå Håbakken i Lærdal til nabokommunen Aurland.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lærdal er av dei mest nedbørsfattige kommunane i Noreg. Grunna topografien ligg størstedelen av dalen i ein regnskugge, som sørgjer for at Lærdal berre har om lag 500–600 mm nedbør i året.

Gamle Lærdalsøyri[endre | endre wikiteksten]

Frå Øyragata

Gamle Lærdalsøyri er den eldste delen av Lærdalsøyri med meir enn 170 verneverdige bygningar frå 1700- og 1800-talet. Tradisjonelt er det ein strandsitjarplass, som var senter for administrasjon og handel i Lærdal. Lærdalsmarknaden tok også stad her, allereie frå mellomalderen av. Marknadstradisjonen tok slutt i 1870-åra, men blei gjenoppteken i 1982 og sidan har det blitt arrangert tredje helga i juni kvart år.

Sidan 70-talet har Lærdal kommune fokusert på bevaring av området. Staden er i dag eit delvis bebudd område. I området finn ein bustadshus, kaféar og butikkar.

Verdt å sjå i Lærdal[endre | endre wikiteksten]

Lærdalselva nedanfor Borgund med steinbru frå den gamle hovedvegen

Folk frå Lærdal[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lærdal kommune» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  2. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53-56
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Lærdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Borgund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. «Kommunefakta», SSB (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020 
  8. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Lærdal kommune - registrerte i Arkivportalen.no