Læstadianismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Læstadianarar)
Læstadianismen blei starta som ei vekkingsrørsle av den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861) i svensk Lappland.

Læstadianismen er ei luthersk vekkingsrørsle som blei starta av den svenske presten Lars Levi Læstadius i svensk Lappland1800-talet. Rørsla breidde seg til Finland og Nord-Noreg 1840-åra, og har sidan gått vidare til fleire land over heile verda. I Noreg høyrer læstadianarane til Den norske kyrkja.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Sentralt i læra åt Læstadius står synd og tilgjeving, rett anger (over syndene) og nestekjærleik. Gjennom å erkjenne sin syndige natur skal mennesket angre brota sine mot Guds ord. Den angrande syndaren får syndeforlating gjennom å be om denne frå ein kristen han eller ho har tiltru til. Dette kan vera ein predikant eller kven som helst andre. Læstadianarane er kjende for det dei kallar «rørelse». Dette skjer mot slutten av gudstenesta, der forsamlinga (anten eit fåtal eller stort sett alle saman) byrjar å gråte (av anger over syndene sine) og bed familie, venner, predikantar og andre om tilgjeving. Dette er som oftast det elementet ved læstadianske gudstenester som blir oppfatta som mest framandt for ikkje-læstadianarar. Medlemmer av forsamlinga går fram til bordet der predikantane sit og bed om tilgjeving, og deretter til andre personar dei kjenner dei bør be om tilgjeving. Tilgjevinga blir forkynt åt den angrande, oftast med desse orda: «Du skal tru at all synd og all skyld er evig forlatne i Jesu Kristi soningsblod. Tru ei fullkommen forlating for syndene, og tru at du er salig og eit Guds Barn.»

Dette var ein sentral tese i læra åt Læstadius. På den tida var det ikkje vanleg at andre enn prestane tilsa syndeforlating, og det vekte nok «andeleg harme» hjå mang ein prest. Men Læstadius var ikkje kjend for å følgje normer og reglar ukritisk — for han var det mykje viktigare å preike rett forkynning, slik Bibelen lærte.

Læra åt Læstadius har same utspring som haugianismen, som læstadianarane elles meiner er temmeleg utvatna i dag, sett i høve til Hans Nilsen Hauge si lære. Det blir hevda at ein kan følgje same læra attende til Martin Luther og til dei første kyrkjelydane som oppstod etter Jesus.

Johan Raatamaa tok over som andeleg leiar av læstadianismen etter Læstadius. Etter Raatama er læstadianismen blitt splitta i fleire retningar; førstefødde, gammallæstadianarar, småførstefødte, dei nyvakte, lundbergianarane og lyngenretninga med sine to retningar; fundamentale og liberale.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Læstadianarane har enno i dag «hovudsetet» sitt i det dei kallar «moderforsamlinga i Lappmarken», altså i det området der læstadianismen oppstod. I ei læstadiansk «samling» (gudsteneste) blir alltid ei eller fleire preiker av Læstadius lesne, slik at læra hans verkar som ei rettesnor òg i vår tid.

Læstadianarane har i dag mange store forsamlingar i Noreg, Sverige, Finland, Danmark og USA. I dei seinare åra er læstadianismen òg vorten kjend blant studentar frå Kina, Russland og dei austeuropeiske landa.

Læstadianske samlingar blir haldne kvar sundag i alle byar der forsamlingar finst. I Noreg er det store samankomstar over fleire veker (dei blir kalla sommarsamlingar) i Lofoten og Ofoten — oftast i byane Leknes og Narvik, i tillegg til tettstadene Bjerkvik og Ballangen). Desse samlingane finn stad i juli/august, og det varierer noko frå år til år kvar dei byrjar. I Bjerkvik, Ballangen eller Narvik er det kvart år òg slike store samankomstar i nyårshelga.

I Sverige er julesamlingane i Gälliväre sentrale. I Finland er det òg store samlingar om sommaren, der fleire tusen læstadianarar tek del. Store samankomstar finn òg stad i USA. I ei såkalla «storsamling» tek frå fleire hundre til opp mot 10000 personar del.