Löddeköpinge

Koordinatar: 55°45′31.694″N 13°0′21.636″E / 55.75880389°N 13.00601000°E / 55.75880389; 13.00601000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°45′31.694″N 13°0′21.636″E / 55.75880389°N 13.00601000°E / 55.75880389; 13.00601000

Löddeköpinge kyrka blei påbegynt alt på 1100-talet.

Löddeköpinge er ein tettstad i Kävlinge kommun i Skåne län i Sverige. I 2011 hadde tettstaden 6 290 innbyggjarar. Löddeköpinge er den nest største tettstaden i kommunen. Staden ligg ved E6 og E20 nordvest for Lund

Löddeköpinge er ein gamal handelsplass frå vikingtida. Gjennom staden renn Lödde å som tilbyr gode fiskeforhold og som trekker til seg sportsfiskarar frå heile Sverige. Byen er arkeologisk undersøkt og har ei steinkyrkje frå 1100-talet med seinare påbygg.

Det moderne Löddeköping er framfor alt ein forstad til Lund og Malmö. Det hadde den største vekstperioden sin på 1970-talet, då folketalet vart nær tredobla. Største lokalet arbeidsplass er kjøpesentret Center Syd, som er eit av dei største kjøpesentra i Sør-Sverige. Det er ein del av eit handelsområde som dekker 240 000 m² og som årleg har drygt 4 millionar vitjande, tilsvarande 80 000 i veka. På Center Syd ligg over 200 butikkar, mellom anna eit ICA Maxi-varehus, fleire klesbutikkar og eitt Scandic-hotell. Det no nedlagde kjernekraftverket Barsebäck ligg ved Øresund 5 km frå Löddeköping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]