Lønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lønnefamilien)
Lønn
Utbreiing
Utbreiinga av lønn
Utbreiinga av lønn
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Lønnefamilien Sapindaceae
Underfamilie: Hippocastanoideae
Slekt: Lønn Acer
L., 1753
Platanlønn

Lønn eller løn (Acer) er ei gruppe lauvtre i såpebærfamilien. Trea har blad med handnerva blad og gulgrøne femtalsblomster med åtte mjølberarar. Blomsteren er ofte einkjønna. Frukta delar seg i to delfrukter, som begge har ein vengje lik ein del av ein propell.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst frå naturens side ein art, Acer platanoídes eller spisslønn, arten som har bladet sitt i det kanadiske flagget. Acer pseudoplatanus, platanlønn, er planta i hagar og finst ofte forvilla, kanskje helst i kyststrok. I Sør-Sverige finst òg Acer campéstre, naverlønn, ein art som òg kan finnast forvilla i Noreg.

Dei fleste lønneartane stammar frå Austasia; Kina (om lag 80 artar), Japan (om lag 20 artar) og austre Himalaya. Ni artar stammar frå Nordamerika og nokre ganske få frå Europa. Dei fleste artane er lauvfellande, men det finst vintergrøne artar i Tyrkia og Kaukasus.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bacchus-gitar i Les Paul-stil med lønnemønster.

Lønnetre blir brukt som prydplantar, til trevyrke og til å laga nokre matvarer. Lønnesirup blir laga av sevja til fleire typar lønnetre. Ved av treet er ofte brukt til matrøyking.

Som materiale er særleg europeisk platanlønn og amerikansk sukkerlønn verdsette. Den harde sukkerlønna blir mykje brukt til bowlingkjegler og -banar, biljardkøar og slaktarblokker. Lønn blir rekna for å bera lydbølgjer godt, og er mykje brukt i musikkinstrument, som elgitar, fagott, kontrabass, cello, fiolin og trommer.

Nokre tre kan danna vakre mønster i treet, som kan minna om flammar, bølgjer eller små auge. Desse kan vera svært dekorative.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]