Løva
| Løva | |
|---|---|
| Latinsk namn | Leo |
| Forkorting | Leo |
| Genitivsform | Leonis |
| Symbologi | Løve alt på assyrisk tid |
| Rektasensjon | 11 h |
| Deklinasjon | 15° |
| Areal | 947 kvadratgrader nr. 12 av stjernebilda |
| Stjerner sterkare enn mag. 3 |
3 |
| Sterkaste stjerne | Regulus (α Leo) (1,4. mag.) |
| Meteorsvermar | |
| Tilgrensande stjernebilde |
|
| Synleg mellom breiddegradane +90° og −65° | |
Løva (frå latin Leo, symbol
) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Løva innheld fleire lyssterke stjerner, som Regulus (α Leonis), «hjartet» i løvebildet, Denebola (β Leonis) og γ¹ Leonis (Algieba). Mange svakare stjerner er også blitt namngjevne, som δ Leo (Zosma), θ Leo (Chort), κ Leo (Al Minliar al Asad ), λ Leo (Alterf) og ο Leo (Subra). Wolf 359, ei av stjernene som er nærast jorda (7,7 lysår), er også omfatta av bildet.
Det finst også fleire lyssterke galaksar i Løva, mellom anna Messier 65, Messier 66, Messier 95 og Messier 96.
[endre] Soge
Stjernebildet har vore rekna som ei løve sidan oldtida. Dei gamle egyptarane kalla ein del av det noverande bildet ei løve, mellom anna gjennom ein tempelinskripsjon i Ramesseum i Theben. Ifølge Plinius den eldre dyrka egyptarane stjernene i løva fordi sola bevega inn i bildet samstundes som Nilen flauma.
I gresk mytologi var bildet løva frå Nemea som Herakles slost mot i sine tolv storverk.
[endre] Astrologi
I 2002 var sola del av stjernebildet frå 10. august til 15. september. I tropisk astrologi blir ho rekna for å vera i bildet frå 24. juli til 23. august, og i sidereal astrologi frå 16. august til 15. september. Dei som er fødde innanfor desse tidsromma er rekna som «løver» innanfor kvart av systema.
[endre] Sjå òg
- Lammas, som moderne høgtid knytt til stjernebildet
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leo (constellation)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2009.