Løveape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løveape

Status i verda: EN Sterkt truga

Ei løveape i Kristiansand Dyrepark
Ei løveape i Kristiansand Dyrepark

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Primates
Familie: Callitrichidae
Slekt: Leontopithecus
Art: Løveape
Vitskapleg namn
Leontopithecus rosalia
Løveape
Namn på andre språk
Svensk Vanlig lejontamarin
Dansk Gylden løveabe
Engelsk Golden Lion Tamarin
Tysk Goldenes Löwenäffchen
Fransk Tamarin lion doré, petit singe-lion doré
Spansk Tamarino león dorado, tití leoncito
Russisk Zolotistaja igrunka (Золотистая игрунка)

Løveape, eller løvetamarin Leontopithecus rosalia, er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Arten er den største i silkeapefamilien med ei kroppslengd på 34 - 40 cm + halelengd på 26 - 38 cm. Vekta er på 630 - 710 g. Pelsen er raudgul, og dei lange håra på issen, kinna og sidene av halsen kan reisast opp som ein man. Ulikt dei fleste apar har løveapa klør i staden for neglar. Hannar og hoer ser heilt like ut.

Føde og levevis[endre | endre wikiteksten]

Føda er frukt og grønsaker, men også insekt, edderkoppar og smådyr. Apa kan bli opptil 10 - 15 år gamal. Løveapa høyrer endemisk til dei atlantiske kystskogane i Brasil. Ho lever høgt oppe i trekrunene, om lag 30 meter over bakken, eller meir. Apa er truga av skoghogst; i vill tilstand finst berre nokre hundre eksemplar att.

I dyrehagar finst arten mellom anna i Ålborg Zoo og Kristiansand Dyrepark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]