Lauvmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Løvmeis)
Lauvmeis
Lauvmeis
Lauvmeis
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Lauvmeis
Utbreiinga av Lauvmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Meisefamilien Paridae
Slekt: Poecile
Art: Lauvmeis P. palustris
Vitskapleg namn
Poecile palustris

Lauvmeis eller hampemeis (Poecile palustris, tidlegare Parus palustris) er ein fugleart i meisefamilien. Ho er ein av dei mest vanlege fuglane å sjå på fuglebretta. Lauvmeisa liknar mykje på granmeisa, men dei har ulik song og ein kan sjå skilnader på utsjånaden òg.

Lauvmeisa er utbreidd i to store åtskilde utbreiingsområde, på kvar si side (vest og aust) av Eurasia. Det vestre området omfattar det meste av Europa og område austover til det sentrale Ural i Russland, medan den austlege utbreiinga omfattar dei austre sentrale delane av Sentral- og Aust-Asia. Den vestlege populasjonen finst over store deler av Europa, så langt nord som til midtre Skandinavia og aust til Tyrkia, Georgia og i Russland til området vest for Ural. Den austlege fins frå Altai austover gjennom nordre Mongolia, Tibet og nordaustre Kina til Sakhalin og Japan, og sørover frå nordaustre Kina til Korea.

Lauvmeisa er ein standfugl som likar seg i lauv og blandingskog, og i parkar og hagar. I Noreg er ho vanleg i lågare lende nord til Trøndelag. Fuglen hekkar meir spreidd i Nordland.

Ho er på storleik med ei blåmeis, det vil seie 11-12 cm, og ho veg ikkje meir enn 11 gram.

Lauvmeiser opptrer oftast parvis. Lauvmeisa et for det meste ugrasfrø, insekt, edderkoppar og tistelfrø. Ofte samlar ho frø som ho gøymer og har til vintermat. Kring april-juni legg hoa 7-9 kvite, raudflekkete egg. Meisene startar ikkje ruginga før alle egga er lagde. Hoa rugar i 12-14 dagar og ungane forlet reiret etter 16-21 dagar.

Reiret til lauvmeisa er bygt av mose, hår og ull og ligg som regel i naturlege holrom i tre eller i fugleholkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lauvmeis