Løysingsevneproduktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Løysingsevneproduktet (Ksp) er eit spesialtilfelle av jamvektskonstanten. Løysingsevneproduktet er dimensjonslaust, og gjeld for metta løysingar av tungtløyselege salt.

For sølvbromid er løysingsevneproduktet gitt ved:

 K_sp(AgBr) = [Ag^+][Br^-]

[x] er konsentrasjonen av stoffet x. I dette tilfellet sølvionet og bromidionet.

Løysingsevneproduktet varierer med temperaturen. For mange stoff er det mogleg å finna løysingsevneproduktet i tabellar, ofte ved 25 grader Celsius.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]