Lúthien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lúthien Tinúviel er ein person i J. R. R Tolkiens dikting. Ho er dotter av alvekongen Thingol.

Lúthien vart fødd av Melian, ein Maia som valde å leva som alvedronning i lag med Thingol. Ho vart rekna som den fagraste av alle barn i verda, og åtte særskilde gåver frå mora. Ho levde og døydde i Første Heimsæva.

Lúthien sitt liv endra seg den dagen mannen Beren kom snublande inn i Doriath, og ho vart hugteken i han. Faren hennar valde å lure han ut på eit farleg ærend då han bad om ein silmaril som medgift, og Beren vann ein frå jarnkrona til Morgoth med hennar hjelp. Men Beren vart drepen av ulven Carcaroth som hadde slukt silmarillen, og Lúthien døydde same stunda.

Dei fekk båe livet attende ved guddommeleg hjelp (frå Eru), og budde i lag til dei båe døydde som menneske. Lúthien er den einaste av alveætt som retteleg har døydd og forlate verda, og alvane saknar ho, er det fortald.

lúthien er bestemor til Elwing og tippoldemor til Arwen Undómiel, som gjekk for å vera svært lik henne. Lagnaden til Arwen liknar óg på Lúthien si - ho valde å døy som menneske og ekta Aragorn.

Tolkien sjølv sette soga om Beren og Luthien (Leithian-kvadet) særskild høgt, og i soga om Beren og Lúthien finst nokre sjølvbiografiske trekk, som er understøtta av at namna Beren og Lúthien står skrivne på den felles gravsteinen til Tolkien og kona hans, Edith. Sjølve inspirasjonen til skildringa av Lúthien skal koma frå eit minne om at Edith Bratt Tolkien dansa på ei sommareng i England i 1914. Diktet om Beren og Lúthien slik det står i Ringdrotten, er ei omarbeiding av eit dikt som vart lagt til Húrin-kvadet frå 1926.

Tidleg legendarium[endre | endre wikiteksten]

The tale of Tinúviel vart skriven om lag 1917, og har i store drag same innhald som soga i Silmarillion. Namnet "Lúthien" er fråverande, og Beren er ein "gnome", ikkje eit menneske. I denne tidlege fasen var gnome-nemninga knytt til Noldoalvane. Far hennar bar namnet Tinwë Linto, og mora hennar var Gwendeling. Sauron var på denne tida ikkje skapt, men Beren og Tinúviel laut kjempe mot "Tevildo", kattefyrsten. Tinúviel og skalden Dairon/Daeron var bror og søster, medan Daeron i den seinare utgåva vart den forsmådde friaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]