L’Hospitalet de Llobregat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
L'Hospitalet de Llobregat
Klokketårnet på domkyrkja ved elva.
Klokketårnet på domkyrkja ved elva.
Flagget til L'Hospitalet de Llobregat Byvåpenet til L'Hospitalet de Llobregat
Flagget til L'Hospitalet de Llobregat Byvåpenet til L'Hospitalet de Llobregat
Kallenamn
«L'H»
Plassering
L’Hospitalet de Llobregat is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Barcelona
Grunnlagd 1100-talet
Borgarmeister Núria Marín Martínez
Geografi
Flatevidd
 - By

12,49 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

261 310
  20 921,5 /km²
Koordinatar 41°21′″N 2°6′″EKoordinatar: 41°21′″N 2°6′″E
Høgd over havet 27 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.l-h.cat

L'Hospitalet de Llobregat eller L'Hospitalet er ein by som ligg like sørvest for Barcelona i Catalonia i Spania. Ut frå folketal er han den nest største byen i Catalonia med kring 260 000 innbyggjarar. L'Hospitalet de Llobregat er kjend for å vere den mest folketette byen i heile Spania og i heile Den europeiske unionen med nesten 21 000 innbyggjarar per kvadratkilometer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter folk i området frå steinalderen. Det er òg funne spor etter romarane frå 100-talet f.Kr., som ein gravdekorasjon av hovudet til Medusa som i dag er utstilt på arkeologisk museum i Barcelona. Det var først på 900-talet at det dukka opp skriflete kjelder til Provençana, som var det opphavlege namnet på byen. Det noverande namnet kjem frå katalansk språk og kjem av eit herberge ved kyrkja Santa Eulalia de Provençana som vart nytta av pilegrimar i mellomalderen. Byen vart verande ein landsby fram til 1800-talet då dei første tekstilfabrikkane vart bygd og folketalet auka. I 1960- og 1970-åra opplevde byen ein ny stor folkeauke då folk flytta hit frå fattiga område i Spania. Nødvendige tiltak for å byggje ut skular, bustader og infrastruktur vart derimot ikkje gjennomført før i 1990-åra.

Den svenske målaren og anarkisten Ivan Aguéli, som konverterte til islam og sufisme, døydde her, påkøyrt av eit tog i 1917.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hospitalet de Llobregat