L-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå L-typeasteroide)

L-type-asteroidar er heller sjeldne asteroidar med eit sterkt raudleg spektrum ved kortare bølgjelengder enn 0,75 μm, og eit flatt, trekklaust spektrum ved lengre bølgelengder. I samanlikning med K-typen har dei eit raudare spektrum i synlege bølgjelengder og eit flatt spektrum i det infraraude området.

Desse asteroidane vert beskrivne som trekklause S-typar i Tholen-klassifiseringa. L-typen vart formelt introdusert med SMASS-klassifiseringa, men tidlegare studiar hadde lagt merke til dei uvanlege spektruma til L-typane 387 Aquitana og 980 Anacostia.

Ld-type-asteroidar[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe introdusert med SMASS-klassifiseringa med L-liknande flatt spektrum ved lengre bølgjelengd enn 0,75 μm, men med eit endå raudare spektrum i synlege bølgjelengder, lik D-typen. Eit eksempel på ein Ld-type er 728 Leonisis, sjølv om den også har blitt klassifisert som ein A-type.