L.L. Zamenhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For asteroiden, sjå 1462 Zamenhof
L.L. Zamenhof

FøddЛейзеръ Заменговъ
15. desember 1859
Białystok
Død14. april 1917
Warszawa
NasjonalitetDet russiske imperiet
Områdeesperanto, oftalmologi, Esperantology
Yrkelingvist, øyelege, oppfinnar, lyrikar, omsetjar, esperantist, lege, medisinsk forfattar, bibelomsetjar, esperantolog
Alma materMedical faculty of Moscow University
Imperial University of Warsaw
EktefelleKlara Zamenhof
BarnLidia Zamenhof, Adam Zamenhof, Zofia Zamenhof
MedlemSpråkkomiteen for Esperanto

Ludwik Lejzer Zamenhof[1] (15. desember 185914. april 1917) er kjend som mannen som fann opp esperanto.

Zamenhof var ikkje utdanna lingvist eller språkforskar, men hadde omfattande kjennskap til språk. Morsmåla var russisk (frå faren) og jiddisch (frå mora). I tillegg tala han flytande polsk og tysk. Han kunne lesa fransk, gresk, latin, italiensk, engelsk, hebraisk, arameisk og volapyk. Han hadde eit visst kjennskap til spansk og litauisk.

Første esperantoboka, Unua Libro, kom ut på russisk i 1887.

Zamenhof vart fødd den 3. desember 1859 etter den då gjeldande julianske kalenderen i byen Białystok. Byen låg den gongen i det russiske tsardømet, men ligg no i Polen. Białystok sine ibuarar høyrde til hovudsakleg tre etniske grupper: polakkar, kviterussarar og jiddisch-talande jødar. Zamenhof voks opp med motsetnadene mellom desse gruppene. Etter kvart meinte han at hovudårsaka til hat og fordommar låg i misforståingar grunna mangel på eit sams språk. Han såg det som eit mål å utvikla eit språk som kunne fungera som eit sams språk for kommunikasjon mellom menneske med ulik etnisk og språkleg bakgrunn.

I 1885 avslutta han studia ved universitetet og byrja på arbeid som augelege i Warszawa. Som ung hadde han arbeidd med eit språkprosjekt. Faren tykte ikkje om prosjektet, og brende materialet. Zamenhof byrja då på eit nytt prosjekt, og prøvde å skaffa pengar til utgjeving av ei bok om utviklinga av språket. I 1887 fekk han utgjeve eit bok med økonomisk stønad frå sin komande svigerfar. Boka vart gjeve ut under psevdonymet Doktoro Esperanto (den vonande dokter). Språket esperanto fekk seinare namn etter dette namnet. For Zamenhof var tanken ikkje berre å laga eit nytt språk, men òg eit middel til spreiing av idear om korleis det er mogleg for ulike folkeslag å leva saman.

Zamenhof døydde i Warszawa den 14. april 1917.

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. (Ludwik Łazarz Zamenhof) Skrivemåtane for namnet hans er mange, m.a. Ludowik Lazar Zamenhof, Ludvik Lasarus Zamenhof og Ludovic Eliezer Markovitsj Zamenhof. Dette har samanheng m.a. med det fleirspråklege miljøet han voks opp i. Den vanlegaste forma av namnet er difor berre L.L. Zamenhof. Zamenhof var av jødisk slekt, og førenamnet Eliezer (Lasarus/Lejzer/Lazar) er av jødisk opphav. Som universitetsstudent bytte han namn til Ludwik/Ludovic, som er namn nytta høvesvis i Tyskland og Polen. Men for å unngå namneforvirring med bror sin, Dr. L(eon) Zamenhof, byrja han sidan å bruka båe førenamna.