LEGO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Legoklossar, frå forskjellige fasar i produktutviklinga, sette saman til venstre, sett frå undersida til høgre.
Eit tårn bygd med legoklossar i ulike fargar.
Lego på eit brett.
Foto: Wolfgang Pribitzer

LEGO er ein serie av leiketøy som er samansett av fargerike plastklossar, tannhjul, figurar og andre delar som kan monterast saman til modellar av bilar, fly, tog, bygningar, slott, sjørøvarskip, romskip, månebasar eller kva ein måtte ønskja.

Sidan dei vart funne opp på 1950-talet, har LEGO-produkta vore populære verda over, både blant ungar og vaksne. Det vert i dag produsert rundt 20 milliardar klossar årleg. Samstundes har produsenten LEGO-gruppa, eit dansk firma basert i Billund, opplevd store underskot dei siste åra på grunn av auka konkurranse.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Lego- og duploklossar.
Foto: Wolfgang Pribitzer

Alle elementa i LEGO-systemet kan setjast saman med kvarandre, og er laga slik at dei ikkje dett frå kvarandre, men likevel kan takast frå kvarandre. For at dette skal gå an, må elementa verte produserte innanfor eit avvik på to tusendels millimeter (0,002 mm).

Forløparane til legoklossane var plastklossar inspirerte av byggjeklossar. Desse nye klossane kunne låsast saman ved hjelp av fleire runde tappar på toppen, og ein innhol rektangulær botn. Klossane vart deretter forbetra med små røyr på undersida. Dette støtta opp om den rektangulære botnen, og betra låseeigenskapane og fleksibiliteten.

Duploklossar, som kom til i 1969, er mykje større enn legoklossar, noko som gjer dei tryggare for små barn. Legoklossar passar fint saman med duploklossar, dette gjer overgangen mellom LEGO-systema enkel når barna veks frå duploklossane.

Technic-delar.

«Expert Series»-pakkar kom i handelen i 1975. Dei var retta mot eldre og meir erfarne LEGO-byggjarar. Denne serien utvikla seg snart til «Expert Builder», som vart lansert i 1977. Desse pakkane inneheldt rørlege delar som tannhjul, differensial, spakar, akslingar og universalledd, og gjorde det mogleg å konstruere røyndomstrue modellar av mellom anna bilar med funksjonell styring og motorrørsler. Delane vart vidareutvikla i «Technic»-serien.

Menneskefigurar med rørlege armar vart introduserte i 1974 i familiepakkar, som var ein bestseljar. Seinare same året kom ein tidleg versjon av miniatyrfigurar, utan rørlege armar og føter, og utan noko ansikt trykt på hovudet. I 1978 kom så den kjende legofiguren med rørlege armar og føter. Figuren vart brukt i mange ulike pakkar slik at forbrukarar kunne konstruere detaljerte byar med bygningar, vegar, køyretøy, tog og båtar med same skala, og busetje dei med figurane.

Nye blå legoklossar.

Dei mest vanlege fargane på grunnleggjande legoklossar er raud, gul, blå, svart, kvit, og lysegrå. Andre fargar vart innførte seint i 1990-åra. LEGO-gruppa unngjekk lenge å lage grøne brikker av frykt for at legoklossane skulle bli brukt som krigsleiketøy, ved at ein bygde militære køyretøy med dei. LEGO produserer no ein serie med væpna indianarar, riddarar og sjørøvarar, og har òg nytta filmfigurar frå mellom anna Star Wars og Harry Potter.

Namnet LEGO[endre | endre wikiteksten]

Det var i 1934 at firmanamnet LEGO vart skapt av Christiansen frå dei danske orda leg godt. Klossane blei først kalla LEGO-mursten i 1953. LEGO-gruppa hevder at «LEGO» også tyder «eg set saman» eller «eg monterer» på latin,[1] men dette er ei ganske fri omsetjing av eit verb som normalt vil bli omsett til «eg les» eller «eg samlar».

Historie[endre | endre wikiteksten]

LEGO-gruppa starta forsiktig i verkstaden til Ole Kirk Christiansen, ein snikkar frå Billund i Danmark. Den familieeigde verksemda hans voks etter kvart til ein stor leiketøyprodusent som i dag er kjend verda over.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

I 1916 opna Christiansen ein snikkarverkstad i Billund og bygde hus og møblar for gardbrukarar i regionen. Verkstaden brann ned i 1924 da dei to sønene hans sette fyr på høvelspon, men faren såg på ulukka som ei moglegheit til å byggje ein større verkstad. Det som derimot truga verksemda var den økonomiske depresjonen på 20-talet. For å finne måtar for å minka produksjonskostnadar på byrja Ole Kirk Christiansen å produsere små versjonar av produkta sine for å lette utformingsarbeidet. Det var desse miniatyr-gardintrappene og strykebretta som inspirerte han til å byrje å produsere leiker.

Ole Kirk sin verkstad starta med å lage treleiketøy som sparegrisar, bilar og lastebilar i tillegg til møblar. På midten av 1930-talet gav populariteten til leiketøyet jojoen han ein liten periode med bra aktivitet, inntil det plutseleg vart upopulært. Enda ein gong snudde Ole Kirk ulempa til sin fordel. Han gjorde jojodelane om til hjul for leikelastebilar.

Da plast vart teke i vidstrakt bruk, følgde Ole Kirk opp og byrja å produsere plastleiketøy, mellom anna ein lastebil som kunne demonterast og monterast på nytt. I 1947 fekk Ole Kirk og Godtfred prøver av plastklossar som kunne monterast saman frå firmaet Kiddicraft.[2][3] I 1949 byrja verksemda å produsere liknande klossar og kalla dei «Automatic Binding Bricks». Klossane var laga av celluloseacetat, og vart produsert med inspirasjon frå tradisjonelle byggjeklossar av tre som kunne stablast oppå kvarandre. Forskjellen var at desse nye klossane også kunne låsast saman. Bruken av plast i leiketøysproduksjon var ikkje høgt akta av forretningar og forbrukarar på den tida. Ein meinte at plastleiketøy aldri kunne erstatte treleiketøy, og mange av LEGO-leveransane vart sende tilbake.

Legoklossen blir til[endre | endre wikiteksten]

Legokloss.

Son til Ole, Godtfred Christiansen, fekk stadig meir ansvar i verksemda, til han arva leiarstillinga då faren døydde i 1958. Det var han som utvikla idéen om eit leiketøysystem av deler ein kunne setja saman på ulike måtar. Forbetringar av låseeigenskapane og måtane ein kunne setja saman klossane på førte fram til den første legoklossen slik vi kjenner han, også dette i 1958.

Vekst på 1960-talet[endre | endre wikiteksten]

Hjul gjorde at ein kunne laga ei rekkje legobilar.

Ein ny lagerbrann ramma gruppa i 1960 og øydela mesteparten av lagerbehaldninga av treleiketøy. Men no var LEGO-serien av leiketøy blitt sterk nok til at firmaet greidde seg, og dei gav opp produksjonen av treleiketøy til fordel for plastprodukta. På slutten av året hadde LEGO-gruppa vakse til 450 tilsette.

I 1961 og 1962 vart dei første legohjula introduserte. Dette gjorde at ein kunne byggje bilar, lastebilar, bussar og andre køyretøy frå legoklossane. På same tid introduserte LEGO-gruppa leiketøy spesielt retta mot barn under skulealder. Det vart også inngått ei avtale som let Samsonite byrje å selje LEGO-produkt i Canada, ei avtale som varte fram til 1988. Det var meir enn 50 ulike pakkar med klossar i leiketøysystemet på den tida.

I 1963 vart materialet som hadde blitt brukt i legoklossane, celluloseacetat, bytta ut til fordel for meir stabil ABS-plast, som framleis er i bruk i dag (2005). ABS er ikkje giftig, er mindre utsett for misfarging og deformering, og er også meir motstandsdyktig mot varme, syrer, salt og andre kjemikalium enn celluloseacetat. Legoklossar laga av ABS-plast i 1963 er framleis i bra stand 40 år seinare, og passar fint saman med legoklossar produserte i dag. Frå 1964 la ein ved bruksrettleiingar i legopakkane.

Ein av dei mest suksessfulle produkta frå LEGO-gruppa er legotogsystemet som vart introdusert i 1966. Det originale togsettet inkluderte ein 4,5-volts motor og skjener. To år seinare kom ein versjon med 12-volts motor.

1970-talet: Utviding[endre | endre wikiteksten]

I 1960-åra hadde LEGO-gruppa så stor vekst at i 1970 var ei av dei største utfordringane dei hadde å handtere og kontrollere den aukande marknaden. Meir enn 8 millionar LEGO-pakkar vart selde i 1968.

I 1970 hadde LEGO-gruppa meir enn 900 tilsette, og i dei neste tiåra gjekk ho gjennom utvidingar til nye område av leiketøysproduksjon og marknadsføring. LEGO retta seg mot den kvinnelege marknaden då dei tok til å selja møblar og dokkehus i 1971. LEGO-universet fekk utvida transportmoglegheitene da pakkar med båtar og skip med delar i skroget som var flytande vart introdusert i 1972. I løpet av den same perioden slutta sonen til Godtfred Kirk Christiansen, Kjeld Kirk Kristiansen, seg til leiinga i firmaet etter å ha studert i Sveits og Danmark. Kjeld Kirk Kristiansen vart administrerande direktør i LEGO i 1979.

Nye produkt[endre | endre wikiteksten]

Technic-traktor.

Ein tok til å utvikla menneskefigurar i LEGO frå 1974. «Expert»-pakkar med rørlege delar kom i handelen i 1975. «Expert Builder»-seriane modna og vart i 1982 til «Technic»-serien.

Ei anna viktig utviding i LEGO-systemet kom i 1979 med skapinga av den populære romfartserien som inkluderte astronautfigurar, rakettar, månefartøy og romskip. FABULAND, ein eventyrserie retta mot yngre barn, debuterte også dette året. Det same gjorde SCALA-serien som inneheldt smykke og var retta mot yngre jenter.

Den andre generasjonen av legotog kom i 1981 med breiare utval av tilhøyrande delar, mellom anna lysande lys, signalpunkt og sporvekslar som kunne fjernstyrast.

1980-åra: 50-årsjubileum[endre | endre wikiteksten]

Ein modell av Chicago bygd i lego.

13. august 1982 markerte LEGO-gruppa 50-årsjubileet ved å gje ut boka 50 år med leg. Året etter vart DUPLO-systemet utvida til å inkludere pakkar for eit enda yngre publikum, spesielt spedbarn. Dei nye pakkene inkluderte babyrangler og figurar med justerbare kroppsdelar. Året etter kom riddarar og hestar som ein del av LEGO-minifigurane. Dei vart innførde i dei fyrste slottpakkane.

Lyd- og lyspakkar vart introdusert i 1986 med elektriske lys, knappar og anna tilhøyrande utstyr som kunne gjera legokonstruksjonar enda likare den verkelege verda. Same året kom utdanningsavdelinga i LEGO-gruppa med «Technic Computer Control», som er eit system der technicrobotar, lastebilar og andre motoriserte modellar kan bli styrt med ei datamaskin. I 1986 vart technicserien utvida med pneumatiske komponentar.

I august 1988 tok 38 barn frå 17 ulike land del i den første verdscupen i legobygging som vart halden i Billund. LEGO-systemet vart enda ein gong utvida med lanseringa av sjørøvarserien i 1989, som hadde fleire ulike sjørøvarskip, tropiske øyer og skattar.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990 var LEGO-gruppa blant dei 10 største leiketøyprodusentane, og av desse ti den einaste som låg i Europa.

I 1991 standardiserte LEGO-gruppa dei elektriske komponentane og systema. Tog- og Technic-motorane blei laga i 9V-versjon for å bli synkroniserte med resten av LEGO-produkta. DUPLO blei utvida i 1992 med den nye Toolo-serien som inneheldt ein skrutrekkjar, fastnøklar, mutterar og skruvar. Paradisa-serien som var retta mot jenter kom òg til. I 1993 blei eit duplotog introdusert, og dessutan ei papegøyeforma innretning for å moke legoklossar opp av golvet.

Gjennom tidene har LEGO produsert seriar med mange ulike tema. I 2003 introduserte LEGO eit nytt system retta mot jenter, Clikits, som er samansett av plastsmykke og tilhøyrande delar som ein kan tilpassa.

LEGO-gruppa i dag[endre | endre wikiteksten]

Økonomiske vanskar[endre | endre wikiteksten]

Sidan den siste ståande LEGO-patenten opphøyrde i 1988 har fleire firma produsert klossar som liknar på legoklossane i utsjånad og funksjon. Leiketøyprodusenten Tyco produserte slike brikker ei tid. Andre konkurrentar inkluderer Mega Bloks og COKO. Desse konkurrerande produkta kan ofte verke saman med legoklossar, og dei vert marknadsførte som eit billigare alternativ til LEGO-pakkene.

I 2003 hadde LEGO-gruppa eit underskot på 1,4 milliardar danske kroner. Dette førte til at direktør Poul Plougmann vart sagt opp og Kjeld Kirk Kristiansen tok over. Året etter vart nesten tusen tilsette sagt opp på grunn av kutt i budsjetta.

Imidlertid hadde LEGO-gruppa eit enda større underskot i oktober 2004. Kristiansen sa opp stillinga som direktør, og skaut samtidig inn 800 000 DKK av privat kapital i firmaet.

Framtidige planar for å få firmaet attende på rett spor inkluderer å selje Legoland-parkane til andre av Kristiansenfamilien sine firma og å redusere arbeidsstokken. I april 2005 ga selskapet melding til dei tilsette om at mykje av produksjonen ville bli flytta utanlands i løpet av 2006.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av legoklossar skjer på fleire ulike stader rundt om i verda. Per 2003 går støypinga av klossane føre seg på ein av to fabrikkar i Danmark og Sveits. Dekorering og pakking av klossane skjer på anlegg i Danmark, Sveits, USA, Sør-Korea og Tsjekkia. Årleg blir det produsert om lag 20 milliardar legoklossar, eller om lag 2,3 millionar klossar kvar time.

Legoland[endre | endre wikiteksten]

Legoland Deutschland i Günzburg. (Foto: A. Kniesel)

7. juni 1968 opna den første Legoland-parken i Billund. Denne moroparken inneheld modellar av miniatyrbyar som var bygd berre av legoklossar. Den 12 mål store parken hadde meir enn 625 000 gjestar det første året. I løpet av dei neste 20 åra voks parken meir enn 8 gonger den originale storleiken, og etterkvart hadde han i gjennomsnitt rundt ein million besøkande kvart år. Det finst i dag legoparkar i fleire land.

Bruk av LEGO[endre | endre wikiteksten]

Legoklossar har også vore brukt til andre føremål enn barneleik. Unge og vaksne har brukt legoklossar til å lage skulpturar, veldige mosaikkar og komplekse maskinar. Fullt funksjonelle hengjelåsar og pendelklokker og til og med ein spelbar cembalo har vore laga av legoklossar[2]. Det er òg blitt laga fleire animasjonsfilmar med legofigurar.

LEGO og læring[endre | endre wikiteksten]

Legoklossar blei etter kvart sett på av ein del pedagogar som eit viktig verktøy i å hjelpe barn med å utvikle problemløysingsevner. I 1980 oppretta LEGO-gruppa ei eiga avdeling med ansvar for å utvide utdanningsmoglegheitene i leikene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: LEGO

Offisielle nettstader[endre | endre wikiteksten]

Brukarsider[endre | endre wikiteksten]

Underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Større prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. isodomos.com
  3. best-lock.com
  • Henry Wiencek, The World of LEGO Toys. Harry N. Abrams, Inc., Publishers, New York. ISBN 0-8109-2362-9.

God artikkel