LINER

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sombrerogalaksen er eit døme på ein LINER-galakse.

LINER (engelsk forkorting for low-ionization nuclear emission-line region) er ein vanleg type galaksekjerne. Særtrekket deira er høva mellom emisjonslinene som gjerne er veike.

Det finst for ein del LINER-objekt ein tydeleg samanheng med aktive galaksekjernar. Grunna veike og breie emisjonsliner reknar ein med at desse LINER-objekta er veike aktive galaksekjernar, sidan emisjonslinene liknar på dei ein finn hjå Seyfert type 1-galaksar. I tillegg er den ultrafiolette strålinga, radiostrålinga eller røntgenstrålinga lik.

Andre LINER-objekt inneheld gass som er vorten eksitert av kollisjonar i stjernevinden som blæs frå område med eksplosiv stjernedanning eller gjennom fotoionisering som skriv seg frå uvanleg varme stjerner etter kvart som den eksplosive stjernedanninga utviklar seg. Båe trekka kjenner ein att frå galaksar med eksplosiv stjernedanning, og ein reknar difor med at desse LINER-objekta ligg i slike galaksar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «LINER» s. 231 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.