LS3/5A

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
LS3/5A produsert av Spendor i 1998.

LS3/5A var ein høgtalar utvikla av BBC for å nyttast som monitorhøgtalar i små lytterom, som til dømes opptaksbussar. Grunnen til at BBC konstruerte sin eigen høgtalar var at det på 1970-talet ikkje fanst kommersielle høgtalarar som innfridde krava som vart sett til monitorhøgtalarar[1].

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

LS3/5A var ein tovegs høgtalar med lukka kabinett. Basselementet var eit KEF B110, med diameter 127 mm, og diskantelementet var eit KEF T27, med diameter 20 mm. LS3/5A hadde passivt delefilter og delefrekvensen var plasser ved 3 kHz. Basselementet hadde ein friluftresonans på 35 Hz, men det lukka kabinettet heva resonansen så mykje at den nedre -3 dB-frekvensen hamna på rundt 75 Hz. LS3/5A var difor ikkje i stand til å gje att djupbass, noko som likevel ikkje er mogeleg i eit så lite rom som ein opptaksbuss.

Kommersialisering[endre | endre wikiteksten]

BBC produserte berre høgtalarar til eige bruk, men fleire føretak, som Rogers, Spendor, Goodmans, Harbeth, Chartwell og Audiomaster, produserte LS3/5A på lisens[2]. Han var òg tilgjengeleg som byggesett[3]. LS3/5A vart godt motteken og fekk mykje omtale i samtida[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harwood, H.D., Watton, M.W. og Mills, R.W., The design of the miniature monitoring loudspeaker type LS3/5A, BBC research report RD 1976/29, okt. 1975.
  2. Butler, T., A little legend - The BBC LS3/5A, Hi-Fi New and Record Review, jan. 1989, ss. 27-31.
  3. Colloms, M., A lot for a little, Hi-Fi New and Record Review, juli 1985, ss. 37-39.
  4. Kessler, K., The LS3/5A shootout, Hi-Fi New and Record Review, juni 2001, ss. 58-61.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]