LSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjemisk struktur
LSD

CAS-nummer
50-37-3
ATC-nummer
har ikkje
Metabolisme lever
Halveringstid 3 timar
Utskiljing urin
Administrasjonsform oral, IV

LSD (forkorting for lysergsyredietylamid), også kalla syre, er eit kraftig, semisyntetisk, psykedelisk narkotikum. Ei vanleg dose var i 1960-åra på mellom 100 og 200 mikrogram, i dag ligg ei vanleg brukardose på 50-100 mikrogram. Stoffet står på narkotikalista[1]

Effekten av LSD kan variera kraftig avhengig av faktorar som tidlegare erfaring, innstilling, og miljø i tillegg til dosestyrken. LSD gjev oftast ei kjensle av forsterking og endring av kjensler, sansar, minne og medvit for mellom åtte og fjorten timar. I tillegg kan LSD gje synsbedrag som geometriske mønster i rørsle, spor etter gjenstandar i rørsle, og skarpe fargar. LSD fører strengt teke ikkje til hallusinasjonar, men heller illusjonar og livaktige dagdraumliknande fantasiar der ordinære gjenstandar og erfaringar får ei heilt ny framtoning eller meining. Større dosar kan føra til synestesi. Bruk av stoffet kan føra til ei varig endring av personlegdom og livsoppfatning.

LSD vert syntetisk framstilt av lysergsyre frå mjølaukesopp, ein sopp som veks på korn. LSD er vart for oksygen, ultrafiolett stråling og klor, særleg i blanding. Stoffet kan halda på verknaden i fleire år om det vert halde vekke frå lys og fukt og ved låg temperatur. I rein form er LSD farge- og smaklaust med ein svakt bitter smak. LSD vert oftast teke oralt (gjennom munnen). Stoffet er vanlegvis teke opp i ein papirlapp, sukkerbit eller gelatin.

Bruken av LSD har gått kraftig ned dei siste åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

LSD vart fyrst framstilt i 1938 av det sveitsiske lækjemiddelfirmaet Sandoz. Dei psykedeliske eigenskapane vart oppdaga ved eit uhell fem år seinare. Stoffet var nytta som eit terapeutisk hjelpemiddel.

Under den kalde krigen var ulike etteretningsorganisasjonar særs interesserte i om det var mogleg å nytta LSD i samband med avhøyr og til tankekontroll på både individnivå og samfunnsnivå. CIA utførte omfattande forsking på LSD.[2]

Frå tidleg på 60-talet byrja miljø med tilgang på stoffet å ta det i bruk til «rekreasjon». Bruken spreidde seg i fleire miljø, og rusen vart til tider knytt til spirituelle opplevingar.

Den utsvevande bruken av LSD utanfor dei medisinske krinsane, spesielt mellom hippiane på 60- og 70-talet, vart som ein politisk brannfakkel, og førte til at vestlege styresmakter la ned forbod mot stoffet, også til medisinsk bruk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

LSD er relativt lite brukt. Statistikk frå SIRUS - Statens institutt for rusmiddelforskning frå 1986 til i dag, tyder på at bruken var på topp i år 2000 då 1,8 prosent av ungdom i alderen 15-20 år oppgav at dei nokon gong hadde brukt LSD. I 2005 var talet 1,1 prosent. Kjelde: SIRUS[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]