La Alcarria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over regionen
Landskap frå La Alcarria .

Alcarria (spansk La Alcarria) er eit naturleg område sentralt i Spania. Det strekkjer seg hovudsakleg over provinsen Guadalajara, men òg inn i Cuenca og Madrid. Området er kjend for dyre- og plantelivet her, og særleg honningen som vert dyrka og for ein spesiell sort sau.

Dei mest kjende byane i regionen er Almonacid de Zorita, Brihuega, Cifuentes, Guadalajara, Illana, Jadraque, Mondéjar, Pastrana, Sacedón, Trillo og Villalba del Rey.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

La Alcarria er eit slags platå i Sistema Ibérico. Laget som dannar dette platået er lett bølgjande. Platået består av kalkstein og gips sidan det ein gong har vore havbotn (i mesozoikum). Den raude sandstein og konglomerata er danna seinare. Over dette sedimentære berglaget har elvane grave ut djupe og ofte breie dalar, kløfter og mange andre karstfenomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]