La Bamba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Bamba
Singel av Ritchie Valens
frå albumet Ritchie Valens
A-side

«Donna»

Språk spansk
Utgjeve 18. oktober 1958
Innspelt 1958
Sjanger Rock and roll, tejano, chicanorock, rock en Español
Lengd 2:06
Tekstforfattar Ritchie Valens, offentleg eigedom
Låtskrivar(ar) Ritchie Valens
Produsent Bob Keane
Ritchie Valens-kronologi 
«Come On, Let's Go»
(1958)
La Bamba «Fast Freight / Big Baby Blues»
(1959)


La Bamba
Singel av Los Lobos
frå albumet La Bamba Original Motion Picture Soundtrack
B-side

«Charlena»

Språk spansk
Utgjeve 20. juli 1987
Innspelt 1987
Sjanger Rock and roll, tejano, chicanorock, rock en Español
Lengd 2:54
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Ritchie Valens, offentleg eigedom
Låtskrivar(ar) Ritchie Valens
Produsent Los Lobos
Los Lobos-kronologi 
«Come On, Let's Go»
(1987)
La Bamba «Down on the Riverbed»
(1990)


«La Bamba» er ein meksikansk folkesong, opphavleg frå staten Veracruz. Den mest kjende innspelinga vart gjort i 1958 av Ritchie Valens som ein rock and roll-låt, som nådde Topp 40 i USA. Valens-versjonen av «La Bamba» er rangert på 354. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, og er den einaste songen på lista som ikkje er sungen på engelsk.

«La Bamba» har blitt spelt av mange andre artistar, mest kjend av Los Lobos, som laga ein versjon for filmen La Bamba i 1987. Denne nådde førsteplassen både i USA og Storbritannia same året. Musikkvideoen til Los Lobos-versjonen av Sherman Halsey, som vann ein MTV Video Award for beste video frå ein film.

Tradisjonelt opphav[endre | endre wikiteksten]

La Bamba er eit klassisk døme på musikkstilen Son Jarocho som oppstod i den meksianske delstaten Veracruz og som kombinerer spansk, mexicansk og afrikasnke musikalske element. Songen er typisk spelt på ein eller to arpas jarochas (harper) i lag med gitarinstrumenta jarana jarocha og requinto jarocho.[1] Teksten på songen varierer mykje, sidan artistane ofte improviserer versa medan dei syng han. Versjonar som dei av gruppene Mariachi Vargas de Tecalitlan og Los Pregoneros del Puerto har overlevd fordi artistane var populære. Den tradisjonelle sida av «La Bamba» ligg i sjølve melodien, som er nesten den same i alle versjonar. Namnet på dansen, som ikkje har noko omsetjing til norsk eller engelsk, er truleg knytt til det spanske verbet bambolear, som tyder «å riste» eller «stampe».

Den tradisjonelle «La Bamba» vert ofte spelt i bryllaup i Veracruz, der bruda og brudgommen dansar i lag. Tradisjonen er ikkje like populær i dag, men dansen er framleis populær, kanskje gjennom populariteten til ballet folklórico.

«Arriba»-delen (som tyder «opp») av songen syner truleg til danseopphavet til songen, der fotarbeidet, kalla «zapateado», går raskare og raskare medan tempoet i musikken går raskare. Tekstlinja «Yo no soy marinero, soy capitán», tyder «Eg er ikkje sjømann, eg er kaptein». Veracruz har lokalt mange sjømenn.

Valens-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle songen inspirerte Ritchie Valens til å lage ein rock and roll-versjon av «La Bamba» i 1958. Valens blanda den tradisjonelle melodien med rock and roll, delvis laga av studiotrommeslagaren Earl Palmer og bassisten Carol Kaye. Songen vart spreidd til eit stort publikum og gav songen (og Valens) ein plass i rockehistoria (innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 2001).

Songen nyttar ei enkel vers-refreng-form. Valens, som var stolt over den mexiancske bakgrunnen sin, var først motvillig til å spele «La Bamba» som ein rock and roll-låt, men gjekk etter kvart med på dette. Valens fekk teksten frå tanta si Ernestine Reyes og lærte den spanske teksten fonetisk, sidan han hadde snakka engelsk frå fødselen av. Songen vart rangert på 98. plass på lista til VH1 over dei 100 beste rock and roll-låtane og 59. plass på lista deira over den 100 beste dansesongane i rock and roll. Begge i 2000.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • «La Bamba» vart framført som eit produksjonsnummer i filmen Fiesta i 1947.
  • «La Bamba» vart spelt inn av Harry Belafonte i 1956 og 1960 ved Carnegie Hall (LSO6007).

Andre artistar som har spelt inn songen er Dusty Springfield (1965 på albumet Ev'rything's Coming Up Dusty), The Plugz, Antonia Rodriguez, Joanie Bartels, Los Lobos, Neil Diamond, Tzimis Panousis, Super Dave Osborne, Half Japanese, Bappi Lahiri, The Kingston Trio, "Weird Al" Yankovic (som «Lasagna», Dragon Ash, Alvin and the Chipmunks, The Blues Image, Bobby Darin, Trini Lopez, Nashville Teens (1964), Nana Mouskouri, The Sandpipers, Selena, Leon Thomas III (filmmusikk for August Rush), The Ventures, Clay Walker, Wyclef Jean, Johnny Rivers, Jose Feliciano, Khalil Fong og Deer Tick.

Songen er spelbar i videospelet Guitar Hero: World Tour.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Ritchie Valens-versjon[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958) Plassering
UK Singles (The Official Charts Company)[2] 49
US Billboard Hot 100[3] 22

Los Lobos-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 2
Canada Top Singles (RPM)[6] 1
Frankrike (SNEP)[7] 1
Tyskland (Media Control AG)[8] 7
Irland (IRMA) 1
Italia (FIMI) 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 2
New Zealand (RIANZ)[10] 1
Noreg (VG-lista)[11] 4
Spania (AFYVE)[12] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[13] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 1
UK Singles (The Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Country Songs 57
US Billboard Adult Contemporary 4
US Billboard Latin Songs 1
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 11

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for Los Lobos-versjonen av songen vart regissert av Sherman Halsey og vann MTV Video Music Award for beste video frå ein film.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]