La Coruña

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Coruña
Utsyn frå Herkulestårnet
Utsyn frå Herkulestårnet
Flagget til La Coruña Byvåpenet til La Coruña
Flagget til La Coruña Byvåpenet til La Coruña
Kallenamn
«La ciudad de cristal (Glasbyen)»
Motto
«A Coruña, la ciudad donde nadie es forastero»
(La Coruña, byen der ingen er framande)
Plassering
La Coruña is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Galicia
Provins La Coruña
Grunnlagd
Borgarmeister Javier Losada de Azpiazu
Geografi
Flatevidd
 - By

37,83 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

244 388
  6 460,2 /km²
Koordinatar 43°22′18″N 8°23′45″WKoordinatar: 43°22′18″N 8°23′45″W
Diverse annan informasjon
Postnummer 15---
Telefon-retningsnummer +34 981
Nettstad: www.aytolacoruna.es

La Coruña[1], galisisk språk og offisielt A Coruña, er den nest største byen i Galicia i Spania etter Vigo. Byen er provinshovudstad i provinsen La Coruña og hovudsetet for Tribunal Superior de Xustiza de Galicia og Universitet i La Coruña. Byen var òg hovudstad i heile Galicia frå 1563 til 1982, då denne rolla vart flytta til Santiago de Compostela. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.

La Coruña er ein travel hamneby på eit nes ved inngangen til eit stort estuar ved Atlanterhavet. Mykje av tungindustrien er basert på skipsverft og metallarbeid i nabobyen Ferrol, men det ligg eit oljeraffineri i sjølve La Coruña.

Deportivo de La Coruña er den mest kjende fotballklubben frå byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå La Coruña

La Coruña spreidde seg frå halvøya der Herkulestårnet står til fastlandet. Den eldste delen av byen, populært kalla Cidade Vella (Gamlebyen), Cidade Alta (Øvrebyen) eller berre Cidade (Byen), er bygd over ei gammal keltisk festning.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Romarane kom til regionen på 100-talet f.Kr. og nybyggjarar gjorde mykje av den strategiske plasseringa. Byen vart derfor raskt ein viktig handelsby for sjøfararar. I 62 f.Kr. vitja Julius Cæsar byen (då kalla Brigantium). Byen heldt fram utviklinga, hovudsakleg dei to første hundreåra e.Kr. (då Herkulestårnet vart bygd), men kom i tilbakegang etter 300-talet og særleg etter normannarar gjekk til åtak på byen. Dette tvinga innbyggjarane til dei indre områda av estuaret.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Etter Romarriket fall hadde La Coruña framleis i kommersiell hamn og kontakt med andre land ved Atlanterhavet. Det var lite samband til Middelhavet. Deurbaniseringa som følgde etter Romarriket fall råka òg La Coruña. Mellom 600- og 700-talet var ikkje byen noko meir enn ein liten landsby for arbeidarar og sjømenn.

På 1000-talet vert Faro do Burgo (eit gammalt namn på La Coruña) omtalt i Chronica iriense som eit av bispeseta som kong Miro gav til erkebispedømet Iria Flavia i år 572:

Den muslimske invasjonen av Den iberiske halvøya etterlet ingen arkeologiske funn i dette området, så ein kan ikkje si om dei muslimske inntrengarane nådde byen. Som eit muslimsk styre tidleg på 700-talet bestod ikkje Galicia av noko meir enn eit kortvarig overherredøme med eit par garnisonar, og La Coruña var ikkje noko meir enn ein liten landsby mellom romerske ruinar. Muslimane synte liten interesse for den ruinerte byen og generelt heile denne regionen.

Då byen kom seg på fote att i mellomalderen var hovudproblema til innbyggjarane stadige plyndringstokt frå normannarane, samt stadige raid frå det muslimske Al-Andalus i sør. På 800-talet var det fleire vikingåtak på byen, som på denne tida heitte Faro eller Faro Bregancio.

I år 991 starta kong Vermudo II bygginga av militære stillingar ved kysten. Ved ruinane av Herkulestårnet i Faro vart det bygd ei festning, som hadde ein permanent militær garnison. For å betale for dette gav han makta i byen til biskopen av Santiago. Denne biskopen vart den mektigaste i Galicia fram til 1400-talet.

San Antón-borga.

I 1208 grunnla Alfonso IX byen Crunia på ny. Han fekk enkelte privelegium, som skattefri salthandel. Byen voks som følgje av fiske og handel og strekte seg forbi eidet. I 1446 gav Jakob II av Castilla La Coruña bystatus. Dei katolske kongane oppretta den kongelege audiensen i Kongedømet Galicia i byen, istaden for Santiago. La Coruña vart òg setet for generalkapteinen.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Byen vart etter kvart ein viktig hamneby og eit senter for tekstilproduksjon. I 1520 kom kong Karl I av Spania til byen og reiste frå her for å verte vald til keisar Karl V av Det tysk-romerske riket. Mellom 1529 og 1575 fekk byen gjere handel med Vestindia. San Antón-borga vart bygd for å forsvare byen og hamna.

I 1589, under den spansk-engelske krigen, omleira Francis Drake La Coruña, men vart driven bort. Dette var opphavet til segna om María Pita, ei kvinne som tok våpenet til den døde mannen hennar og skaut med det heilt til ho erobra flagget til britane.

På 1500- og 1600-talet førte krigane til det spanske monarkiet til stor skatteauke og starten på verneplikt. I 1620 skipa Filip III Skulen for marinegutar. I 1682 vart Herkulestårnet restaurert av Antúnez.

Mosaikk-kart til minne om slaget ved Elviña. Den gule prikken syner plasseringa til mosaikken..

La Coruña vart omleira under den spanske sjølvstendekrigen den 16. januar 1809 der britiske troppar kjempa mot franskmennene slik at britane kunne gå om bord i skipa sine under retretten sin. La Coruña var den einaste galisiske byen som oppnådde suksess mot dei franske troppane. Dei franske troppane forlet Galicia i slutten av mai 1809.

På 1800-talet var byen senter for ei anti-monarkirørsle. Den 19. august 1815 erklærte Juan Díaz Porlier seg motstandar av Fernando VII, han vart forrådt og hengd i Campo da Leña to månader seinare. I alle opprøra på 1800-talet, støtta La Coruña den liberale sida.

På byrjinga av 1900-talet hadde La Coruña kring 45 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

La Coruña ligg på ei halvøy og eit eid, som tidlegare berre var ei smal sandstripe. Erosjon og havstraumar har i dag danna ein langt større sandbanke her.

Klima[endre | endre wikiteksten]

La Coruña har eit maritimt klima som er kraftig påverka av Atlanterhavet. Ein har likevel nokre spor av middelhavsklima. Hausten og vinteren er ofte ustadig med kraftig vind og mykje regn i samband med lågtrykk i Atlanteren, og det er ofte overskya. Havet gjer at temperaturtilhøva er milde og frost og snø er sjeldan å sjå. Om sommaren er det forholdsvis tørt og ein god del sol, og berre regn av og still. Temperaturane er høge, men sjeldan ukomfortable på grunn av nærleiken til havet.

Mal:Infoboks vêr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: La Coruña