La Guajira-departementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Guajira
Departement
Frå breidda av elva Silencio i kommunen Distracción i sørlege La Guajira
Land  Colombia
Koordinatar 11°21′N 72°35′W / 11.350°N 72.583°W / 11.350; -72.583
Hovudstad Riohacha
Areal 20 848 km²
Folketal 623 250
Folketettleik 30 / km²
Kart
La Guajira-departementet
11°33′N 72°21′W / 11.55°N 72.35°W / 11.55; -72.35
Wikimedia Commons: La Guajira Department

La Guajira er eit departement nordaust i Colombia som grensar til nabodepartementa Cesar og Magdalena og dessutan til Venezuela og Karibhavet. Arealet gjer ut for det meste av Guajira-halvøya i den nordaustlege delen av landet, ved den nordlegaste spissen av Sør-Amerika. Hovudstaden i departementet er Riohacha.

Ulike innfødde stammar folkesette dei tørre slettene i regionen før den spanske tilkomma til Amerika. I kolonitida gjorde både guvernørane i byen Santa Marta og Venezuela krav på La Guajiras-territoriet og hadde tvistar på grunn av perleførekomstar. Engelske piratar, franskmenn og tyskarar hadde òg disputtar om territoriet.

Økonomien er hovudsakleg basert på skattelegging av verksemd i kolgruva Cerrejón, ei gruve som produserte 24,9 millionar tonn eksportkol i 2004. Naturgassutvinning og saltminer er andre inntektskjelder. Cabo de la Vela er ein liten fiskarlandsby som ligg på nordspissen av Guajira-halvøya.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Guajira» kjem frå karibspråk. Ordet guajiros var ifølgje Picon først brukt i år 1600 for å omtale 200 innfødde familiar som budde i regionen Riohacha.[1] Dei var kjende for å halde store geiteflokkar. Omgrepet vart deretter utvida til å definere alle urfolk på halvøya som dreiv med geiter. Ifølgje Oliver kom ikkje omgrepet guajiros med i spanske nedteikningar før ein munk nemnde det i eit dokument i år 1626.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over La Guajira-departementet med tydelege markeringar av elvefar. Kommunen Uriba i nordaust markert med orasje farge strekk seg så langt sør som inn i midtre delen av departementet. Dei høgstliggande områda er i grøne fargetoner.

Den nordlege delen av departementet består i store delar av tørt sletteland med xerofytisk vegetasjon, kalla Guajira-Barranquilla xerisk krattland av WWF.[4] Her er berre sparsam, halvtørr vegetasjon, og inneheld ei isolert lågtliggande fjellkjede, Serranía de Macuira, opptil 865 m over havet.

Eit midtre område av regionen er stort sett flatt landskap, med åsar i enkelte område, og representerer òg eit tørt miljø.

Sør-Guajira har fleire våtmarker og elvar. Her finn ein vidare Serranía del Perijá, eit fjellmassiv søraust i departementet som òg strekk seg inn i Venezuela. Sierra Nevada de Santa Marta ligg dels innanfor departementet, i sørvest. Mellom desse fjellmassiva finn ein eit lågt dalføre.

Rancheríaelva er eit vektig vassdrag i departementet, ho utgjer eit u-forma elvefar frå Sierra Nevada de Santa Marta mot Riohacha, kryssar sørlege til midtre del av Guajira-halvøya først mot søraust, vidare mot nordaust og nordvest til ho tømmar seg i Karibhavet.[5]

Rett sør for sørlegaste løpet av Rancheríaelva, omtrent på 10°53' nordleg breidde, er det eit nord-sør vasskilje. Mot sør startar Cesar-vassdraget og elva Cesar held fram i Cesar-departementet før ho vender mot vest og endar opp i Magdalenaelva.[5]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Frå Cabo de la Vela, Uribia
Foto: Cesar Ivan Noreña Vega
Frå kommunen Fonseca i søraust

Departementet har stort mangfald i klima, og særlig nedbørsmengda er varierande frå sør til nord og frå lågtliggande til fjellområde i innlandet. Den midtre og nordlege, lågtliggande delen av departementet, som svarar til den colombianske delen av Guajira-halvøya, har generelt krevjande, varmt og tørt til halvtørt klima.[6] Lengst nord, til dømes i kystlandsbyen Cabo de la Veva, er klimaet klassifisert som varmt ørkenklima BWh etter Köppen si klimaklassifisering. Byen har årsmiddelnedbør på 328 mm. I sørvest, på grensa mot departementet Magdalena og relativt nært fjellmassivet Sierra Nevada de Santa Marta, finn ein tropisk monsunklima, Am. Eit døme er byen Palomino med årsmiddelnedbør på 2046 mm.

Inne i Sierra Nevada, t.d. i Mamarongo på 1900 moh., finn ein subtropisk «maritimt» klima, Cwb, og gjennomsnittleg nedbør på 2522 mm. Ellers er område i departementet mellom anna klassifisert som tropisk savanneklima, Aw.[7]

Nedbørsmengda kan variere frå år til år innanfor ein lokalitet: Uribia kommune registrerte i 2014 ein langvarig, tørr vêrperiode i samband med El Niño,[8] i oktober 2018 ein kraftig flaum med konsekvensar for fleire titusen menneske.[9]

Temperaturskilnadene gjennom La Guajira er mindre utprega varierande, i den nordlegaste kommunen Uribia har ein i underkant av 30 °C i årleg middeltemperatur med små variasjonar gjennom året, ekstremtemperaturane kan komme opp i 35 til 45 °C.[6] Lengre sør i lågtliggande område kan årsmiddeltemperaturen være et par grader lågare, men oppe i Mamarongo heilt nede i ein årsmiddeltemperatur på 16 °C.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førkolumbisk tid[endre | endre wikiteksten]

Det var hovudsakleg wayuu-folk som levde på det nordlege låglandet av Guajira-halvøya i førkolumbisk tid. I sørlege delen levde mellom anna kogi-, arhuaco-, guanebucan- og chimila-folk.[10] Arkeologiske graver har avdekt område av fiskarsamfunn som brukte keramikk på den sentrale austsida av halvøya i Guajira, funna blir datert til kring 900-talet f.Kr.[11]

Desse gruppene sameksisterte på Guajira-halvøya. Dei nordlege urfolka var nomadar som reiste på halvøya for jakt, fiske og fruktsanking. Dei innfødde gruppene i sør var halvt nomadiske, praktiserte jordbruk og utnytta kystressursane.[10]

Spansk erobring og kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Monumentet Identidad i Riohacha.

I 1498 segla Alonso de Ojeda rundt halvøya La Guajira,[12] men den første som gjekk i land i det som i dag er kjent som La Guajira, var den spanske oppdagingsreisande Juan de la Cosa[13] I 1524 skipa Rodrigo de Bastidas guvernement Santa Marta, som omfatta eit område frå Cabo de la Vela ved nordspissen av halvøya, sørover til utlaupet av Magdalenaelva.[14] Spanjolane var særleg interesserte i perleførekomstane i området.[15]

I 1535 grunnla Martín Fernández de Enciso den første spanske busettinga i La Guajira. Det var ein landsby nær dagens Cabo de la Vela ved nordspissen av halvøya. I 1544 vart landsbyen flytta til dagens plassering av Riohacha på grunn av konstante angrep frå urfolk og frå spanske busettingar i Venezuela.[16]

Mellom 1609 og 1640 importerte dei spanske kolonisterne 800 eller fleire afrikanske slavar. Dei fleste av desse flykta seinare og danna landsbyar kjende som palenques. I 1679 tilbaud Santa Marta regjeringa desse folka offisiell fridom i byte mot å bidra til å verne territoriet frå engelske piratar og Venezuela regjeringa som ettertrakta Guajira-halvøya på grunn av perleførekomstane her.[17]

Etter at 22 wayuuar blei tatt til fange til arbeid på byggverka i Cartagena i 1769, kom åtak på spanske busettingar og kyrkjer frå opptil 20 000 wayuuar. Meir enn 100 spanjolar vart drepne og mange andre tatt i fange ifølgje dei spanske styresmaktene.[18]

La Guajira var eit av territoria i Colombia der urfolket i lang tid hevda sjølvstyret under den spanske koloniseringa av Amerika, på grunn av motstandane frå dei innfødde, hovudsakleg wayuuar. Det var ikkje før på 1800-talet at det spanske monarkiet ønskte den totale erobringa og passifiseringen av urfolk i regionen, og konflikten mellom kolonisatorar og urfolk herska gjennom heile 1800-talet.[6]

Republikansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1846 skapte den nye regjeringa i republikken Ny-Granada ei administrativ eining La Guajiro-territoriet, ein splitt frå staten Magdalena, men stridane mellom urfolk og autoritetane heldt fram, og territoriet var sett under styret i Santa Marta. I 1871 kom La Guajira-territoriet tilbake under separat administrasjon og vart eit nasjonalt territorium. Frå 1965 har La Guajira vore eit av departementa i Colombia etter dagens politiske inndeling.[19]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje folketeljinga i 2005 var 44,9 % av folkesetnaden i La Guajira-departementet urfolk, hovudsakleg tilhøyrande wayuu-folket, arhuaco, koguis og wiwa. 7,5 % var av afro-colombiansk nedætting; medan dei resterande 47,6 % av folkesetnaden ikkje vurderte seg som ein del av ei særskild etnisk gruppe, med unntak av Midtausten-etterkommarar, som har migrert hit gjennom 1900-talet.

Av alle departement i Colombia hadde La Guajira-departementet den høgste delen av urfolk. Departementet hadde ca. 20 % av alle etniske urfolk i landet.

Folkesetnaden på 623 250 utgjorde 1,5 % av den samla folkesetnaden i Colombia.[20][21]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Uttak av kol frå Cerrejón kolgruve
Utskiping av kol frå Cerrejón kolgruve, gjennom hamna Bolívar Port, nord på La Guajira-halvøya
Saltutvinning ved kysten av kommunen Manaure
Foto: Cesar Ivan Noreña Vega

Økonomien i La Guajira-departementet er basert på utnytting av mineralressursar, som kol i Cerrejón-gruvene, naturgass, saltgruvene i Manaure, og utgjorde 53,48 % av dei totale inntektene i 2005. Serviceverksemda følgjer, inkludert straum, gass, drikkevatn, transport og kommunikasjon, som teiknar seg for 11,06 % av totalinntektene. Utdanning, helse, samfunnstenester og innanlands tenester står for 9,60 % av totalen.[22]

Landbruk, skogbruk og fiske står for 7,99 % av totalsummen, følgd av handel, hotell- og restaurantindustri, som saman står for 6,65 % av dei totale inntektene. Offentlege administrasjon utgjer 5,47 %, bygging 3,01 %, fast eigedom 2,21 % og industriell 0,52 %.[22]

Jordbruk

Jordbruksverksemda i La Guajira produserte hovudsakleg tobakk, kaffi, maniok, kokebananar, kokosnøtter, jams, rotveksten arracacha, oljepalmar og sukkerrøyr i 2005. Nær 60 000 plantasjar var i permanent produksjon, og over 1000 i mellombels produksjon.[22]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturelle aspekt i La Guajira-departementet har hovudsakleg vorte påverka av wayuu-tradisjonar;[23] av europeisk kultur, hovudsakleg gjennom romersk-katolske tradisjonar; av afro-colombiansk kultur; og sidan midten av 1900-talet, av Midt-Austen kultur, inkludert islamske tradisjonar. Det er også betydeleg innverknad frå Venezuela, då det tradisjonelle wayuu-territoriet blir delt av dei to nasjonane.[24][25]

Språk

Det er tre hovudspråk i La Guajira. Det mest utbreidde er spansk, følgd av wayuu. Spansk i La Guajira har òg utvikla sin eigen dialekt for det meste ved å ta ord frå wayuu-språket. Dei innfødde språka koguis[26] og wiwas (damana) er knytte til chibchan-språka.

Den veksande folkesetnaden av innvandrarar frå Midt-Austen har bidratt med bruk av arabisk språk til regionen. Det er også ein liten, men signifikant, engelsktalande folkesetnad som bur i Cerrejons gruvebusetnad, på grunn av den tospråklege skolen der.

Litteratur

Litteratur i La Guajira har både vore skriven på spansk og wayuunaiki, det meste av det som skildrar mytar, det heilage, det tragiske, epos, legendene, heltemot, magi, komedie og romantikk eigne til regionen og direkte påverka av costumbrismo-retninga.[27]

Matkultur

Matkulturen i La Guajira-departementet byggjer på tradisjonane til innfødde wayuufolk, basert på lokal fauna og flora, og dessutan påverknad frå spansk mat. Den mest representative retten frå Guajira-kjøkkenet er friche - steikt eller stua geit krydra med salt og sitt eige blod og innvolar. Ein annan viktig rett er arroz con camarones - ris med reker, der risen er kokt med tidlegare kokte reker og tørka ute i sola; iguan-gryte med kokosnøtter; iguaraya - kaktusfrukta, som wayuu-folket bruker til å laga juice eller vin; og skjelpadder, hjortedyr og flodsvin laga på ei rekke måtar, vanlegvis med ris, i suppe eller stuing.[28]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på engelsk, den 24. og 27. mars 2019
Referansar
  1. Picon, François-René. 1996: s. 313
  2. Oliver, José. Reflexiones sobre los posibles orígenes del Wayuu (Guajiro), 1990: s. 84
  3. Government of La Guajira: Guajira Development Plan - Etymology Arkivert 2008-05-29 ved Wayback Machine.
  4. McGinley, Mark (2. august 2012). «Guajira-Barranquilla xeric scrub». Encyclopedia of Earth. Henta 24. mars 2019. 
  5. 5,0 5,1 Physical map of La Guajira GifeX World Maps and Satellite Photos, henta 24. mars 2019
  6. 6,0 6,1 6,2 Maida, Kimberly (2018) Extractivism & Indigenous Rights: A Case Study of the Wayuu People and their Struggle for Water Arkivert 2019-03-27 ved Wayback Machine., Master’s Thesis, Brandeis University. Henta 27. mars 2019
  7. 7,0 7,1 Climate-data org Klima: La Guajira Henta 30. mars 2019
  8. Sibren Isaacman, Vanessa Frias-Martinez, and Enrique Frias-Martinez (20-22. juni 2018). «Modeling human migration patterns during drought conditions in La Guajira, Colombia». Proceedings of ACM SIGCAS Conference on Computing and Sustainable Societies. Henta 30. mars 2019. 
  9. Arjun Harindranath i The Bogota Post Tens of thousands affected by floods in La Guajira 18. oktober 2018, henta 30. mars 2019
  10. 10,0 10,1 (es) Government of La Guajira: Guajira Development Plan - History (Webarkiv) Henta 27. mars 2019
  11. «Los apaalanchi: una visión del mar entre los wayuu» [The Apaalanchi: the Wayuu's vision of the sea]. Banco de la República (på spansk). 2001. Arkivert frå originalen 22. oktober 2008. Henta 19. september 2019. 
  12. (es) Dibuya: History (Webarkiv) Henta 27. mars 2019
  13. (es) Government of Riohacha: History (webarkiv) Henta 27. mars 2019
  14. Juan Friede, "La conquista del territorio y el poblamiento", Manual de Historia de Colombia, 3 Vols., Vol. 1, Bogotá, Instituto Colombiano de Cultura, 1982, s.116-222, s. 131.
  15. Mitchell, Peter (26. mars 2015), Horse Nations: The Worldwide Impact of the Horse on Indigenous Societies Post-1492 (på engelsk), OUP Oxford, ISBN 978-0-19-100882-5, henta 18. februar 2020 
  16. «Cabo de la Vela | Travel | Colombia», Guajira Peninsula, Colombia (på engelsk), 29. juli 2018, henta 18. februar 2020 
  17. La guerra de los Cárdenas y los Valdeblánquez (1970-1989) Estudio de un conflicto mestizo en La Guajira by Simón Uribe Martínez and Nicolás Cárdenas Angel Arkivert 2015-01-22 ved Wayback Machine.
  18. Minahan, James B. Ethnic Groups of the Americas: An Encyclopedia. ABC-CLIO, 2013, s. 377
  19. «Historia de La Guajira - GOBERNACIÓN DE LA GUAJIRA», www.laguajira.gov.co, henta 17. februar 2020 
  20. (es) WAYÚU Gente de arena, sol y viento. Kulturepartementet i Colombia, folketeljing 2005, henta 27. mars 2019
  21. DANE (2007) (es) Perfil departamento de La Guajira
  22. 22,0 22,1 22,2 (es) «Agenda Interna para la Productividad y la Competitividad» [Internal Agenda for Productivity and Competitiveness] (PDF) (på spansk). National Planning Department (Colombia). June 2007. Arkivert frå originalen (PDF) 16. desember 2008. Henta 27. mars 2019. 
  23. «Indigenous Culture in La Guajira, Colombia | Manuel Zapata Olivella», mzo.library.vanderbilt.edu, henta 18. februar 2020 
  24. «La Guajira Peninsula | peninsula, South America», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 18. februar 2020 
  25. «Guajiros - Introduction, Location, Language, Folklore, Religion, Major holidays, Rites of passage», www.everyculture.com, henta 18. februar 2020 
  26. «Orientation - Kogi», www.everyculture.com, henta 17. februar 2020 
  27. (es) Indymedia.org: Wayuu literature or the Myths adventures by Manuel Guillermo Ortega (Webarkiv) Henta 27. mars 2019
  28. (es) viajes-exoticos.info Gastronomy of La Guajira Arkivert 2012-02-06 ved Wayback Machine. Henta 27. mars 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: La Guajira-departementet