La La Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«La La Love»
Eurovision Song Contest 2012
Land Kypros
Artist(ar) Ívi Adámou
Språk Engelsk
Komponist(ar) Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson
Låtskrivar(ar) Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson
Resultat
Semifinalepoeng 91
Semifinaleplass 7
Finalepoeng 65
Finaleplass 16
Kypros i Eurovision Song Contest
«San ággelos s'agápisa»
(2011)
«La La Love» «An me thimáse»
(2013)

«La La Love» (engelsk for La la kjærleik) er ein singel av Ívi Adámou, frå albumet San Éna Óneiro (Euro Edition).

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

A Song for Ívi[endre | endre wikiteksten]

3. august 2011 vart Ívi Adámou vald ut internt av Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012. 25. januar 2012 song ho tre ulike songar i eit fjernsynsprogram kalla A Song for Ívi. Songen «La La Love» vann med 24 poeng og skal representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Her enda han på 16. plass.

EUROSONG 2013 - a MAD show[endre | endre wikiteksten]

Til EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, vart det laga ein mashup av «La La Love» og «Aphrodisiac», det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2012.[1] Adámou framførte teksten til «La La Love», medan Elefthería Eleftheríou framførte teksten til «Aphrodisiac».[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]