La Linea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

La Linea (streken) er ein italiensk animasjonsserie skapa av Osvaldo Cavandoli i 1969. Serien består av rundt 150 episodar på rundt 2 minuttar og 30 sekund. I Noreg har serien blitt vist på barne tv i NRK.

Streken er siluetten av er ein fyr med lang nase som går i eitt med omgjevnadane sine. Linja han gjekk på var tilsynelatande uendeleg, men i kvar episode møter han forskjellige hindringar som må løysast på ulikt vis med hjelpa frå teiknaren si hand. Som regel endar episodane med at linja som Streken går på vert broten og han fell utanfor tv-skjermen.