La Maddalena

Koordinatar: 41°13′N 09°24′E / 41.217°N 9.400°E / 41.217; 9.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Maddalena
Geografi
La Maddalena is located in Italia
Stad Middelhavet
Koordinatar 41°13′N 09°24′E / 41.217°N 9.400°E / 41.217; 9.400
Øygruppe Maddalenaøyane

Areal 49,37 km²

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sardinia
Olbia-Tempio

Demografi
Folketal 11 902 (2006)
Folketettleik 52 /km²

La Maddalena (gallurese: A Madalena) er ei øy i Maddalenaøyane nær Bonifaciosundet nord for Sardinia i Italia. Ho er ein del av La Maddalena nasjonalpark. Det er òg namnet byen på øya og kommunen som utgjer øygruppa. Øya høyrer til provinsen Olbia-Tempio.

Byen[endre | endre wikiteksten]

La Maddalena er den største byen i Maddalenaøyane, berre 2 km nordaust for kysten av Sardinia i Bonifaciosundet mellom Sardinia og Korsika.

Ein plass i La Maddalena

Hovudnæringa i La Maddalena er i dag turisme og den amerikanske marinebasen på Isola Santo Stefano, men denne basen vert lagt ned våren 2008. Ein kan berre nå La Maddalena med båt og det går ferjesamband frå Palau på Sardinia og frå det italienske fastlandet.

Innbyggjarane på La Maddalena snakkar ein sardo-korsisk dialekt kalla maddalenino.

Øya[endre | endre wikiteksten]

Øya La Maddalena er kjend for strendene sine og har eit steinlendt terreng av granitt. Det ligg nokre gamle festningsverk på øya. Cala Francese og Bassa Trinita er to populære strender. Ho er forbunde til den nærliggande øya Caprera via ei vegfylling. Denne øya er kjend som bustaden til den italienske nasjonalisten Giuseppe Garibaldi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maddalenaøyane har vore busett sidan førhistorisk tid, men dei nedskrivne kjeldene om øyane er spora tilbake til Romarriket. Øyane var del av ein strid mellom Republikkane Pisa og Genova1100-talet og vart seinare forlatne. Dei vart så busett av gjetarar frå Korsika og på 1500-talet av nybyggjarar frå Sardinia.

La Maddalena har hatt mange namneendringar gjennom tidene. Romarane kalla ho Ilva, Fussa og Bucina og i mellomalderen vart ho kalla Bicinara før ho fekk namnet Santa Maria Magdalena på 1500-talet. Etter ei stund vart ho berre heitande La Maddalena.

Sidan øya ligg i Bonifaciosundet, der mykje båttrafikk passerer, har øygruppa vorte ein strategisk stad for militæret. La Maddelane har derfor fleire gongar vore vitne til krigshandlingar. Piemontarane okkuperte ho i 1767. I 1793 vart byen bombardert av franske revolusjonsstyrkar under den unge Napoleon Bonaparte si leiing. Admiral Nelson nytta ho som base under blokkaden hans av Toulon i 1804 og forlet berre skipet sitt for å vitje kyrkja ein søndag. Benito Mussolini vart halde fange her 139 år seinare før han vart flytta til Campo ImperatoreGran Sasso, der han vart redda av Otto Skorzeny.

I dag ligg det ein NATO-base på den nærliggande øya Santo Stefano, men denne er planlagt at denne skal leggast ned våren 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]