La Meije

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Meije
La Meije
Høgd over havet 3 984 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Primærfaktor 821 m
Koordinatar 45°00′N 06°18′E
Førsteklatring 1877 - E.B. de Castelneu og P. Gaspard med son
Lettaste rute klatring

La Meije er eit fjell i Massif des Écrins, på grensa mellom departementa Hautes-Alpes og Isère. Det ligg ovanfor landsbyen La Grave, eit senter for skisport og fjellklatring.

La Meije består av tre toppar. Den høgaste er Grand Pic de la Meije på 3 984 m. Doigt de Dieu er eit stor snøkledd tårn på austsida av ryggen, og heng over sørveggen. Det er ei populær klatrerute for fjellklatrarar på alle nivå. Førstestiginga vart gjort 16. august 1877 av Emmanuel Boileau de Castelneu og Pierre Gaspard. I 1891 vart J. H. Gibson, U. Almer og F. Boss dei første til å krysse ryggen frå vest mot aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]