La Rochelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Rochelle
Gamlebyen og hamna i La Rochelle
Gamlebyen og hamna i La Rochelle
Gamlebyen og hamna i La Rochelle
Byvåpenet til La Rochelle
Byvåpenet til La Rochelle
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Charente-Maritime
Grunnlagd 900-talet
Geografi
Flatevidd 28,43 km²
Flatevidd
 - By

28,43 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

78 000
  2 744/km²
Koordinatar 46°09′37″N 01°09′00″EKoordinatar: 46°09′37″N 01°09′00″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: https://www.larochelle.fr/
Nettstad: www.ville-larochelle.fr
Plassering

La Rochelle er ein by og kommune vest i Frankrike og ein hamneby ved kysten av Atlanterhavet. Byen har nesten 80 000 innbyggjarar, og er préfecture (hovudstad) i departementet Charente-Maritime. Byen er bunden til øya Île de Ré via ei 2,9 km lang bru, som opna i 1988. Hamna til La Rochelle ligg ved eit verna sund kalla Pertuis d'Antioche.

Av hovudnæringane til byen i dag finn ein verftsindustri, fiskeindustri og kjemisk industri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Mynt frå Santones, første hundreår fvt., Cabinet des Médailles.

Området rundt La Rochelle var i antikken busett av ei gallisk stamme kalla Santones, som har gjeve namn til det nærliggande området Saintonge og byen Saintes. Romarane okkuperte så området, der dei vann ut salt langs kysten, i tillegg til vinproduksjon, som så vart transport rundt om i riket.

Grunnlegginga[endre | endre wikiteksten]

La Rochelle vart grunnlagd på 900-talet, og vart ei viktig hamn frå 1100-talet. I 1137 gjorde Wilhelm X av Aquitaine i praksis La Rochelle til ei fri hamn, og gav ho rettane til å opprette seg sjølv som ein kommune. Femti år seinare opprettheldt Eleonora av Aquitaine dei kommunale privilegia far hennar hadde sett fram, og for første gong i Frankrike vart det utnemnt ein borgarmeister, Guillaume de Montmirail. Guillaume fekk hjelp av 24 kommunale personar, og 75 notables hadde domsmakt over innbyggjarane. Med dei kommunale privilegia fekk byen mellom anna rett til å prege sine eigne myntar og drive enkelte forretningar utan å betale skatt til kongen, noko som var gunstig for entreprenørmiddelklassen (bourgeoisie).

Hovudnæringane i byen heldt seg innanfor maritim handel, særleg med England, Nederland og Spania. I 1196 sende ein rik bourgeois kalla Alexandre Auffredi ein flåte på sju skip til Afrika for å tappe rikdom frå kontinentet. Han gjekk konkurs og inn i fattigdom medan han venta på at skipa skulle kome tilbake, men dei kom til slutt sju år seinare fylt med rikdom.

Fram til 1400-talet var La Rochelle den største franske hamna på atlanterhavskysten, og handla hovudsakleg med vin og salt.

Hundreårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sjøslaget ved La Rochelle.

Sjøslaget ved La Rochelle fann stad 22. juni 1372 under Hundreårskrigen mellom ein kastiljansk-fransk og ein engelsk flåte. Spanjolane hadde 60 skip og engelskmenna 40. Dei hadde òg fleire riddarar og menn enn engelskmennene. Franskmennene og kastiljanarane vann ein avgjerande kamp mot engelskmennene og sikra fransk kontroll over Den engelske kanalen for første gong sidan slaget ved Sluys i 1340.

Omleiringar av La Rochelle[endre | endre wikiteksten]

Cardinal Richelieu under omleiringa av La Rochelle.

Under renessansen vart La Rochelle protestantisk, og frå 1568 vart byen eit senter for hugenottar. Byen vart omleira under Hugenottkrigen. Under Henrik IV hadde byen ein viss fridom og framgang fram til 1620-åra, men byen gjekk inn ein konflikt med dei sentrale styresmaktene til kong Ludvig XIII då kanonskot vart avfyrte mot kongelege troppar 10. september 1627. Dette førte til omleiringa av La Rochelle der Kardinal Richelieu blokkerte byen i 14 månadar før byen overgav seg og mista borgarmeisteren og privilegia sine. Den aukande forfølginga av hugenottar kuliminerte med opphevinga av ediktet i Nantes av LudvigXIV. Mange hugenottar emigrerte, og grunnla byar som New Rochelle i nærleiken av dagens New York i 1689.

La Rochelle og den nye verda[endre | endre wikiteksten]

Den følgjande perioden var framgangsrik for byen, og innebar mykje handel med Den nye verda (Nouvelle France i Canada og Antillane). La Rochelle vart svært aktiv i trekanthandel med Den nye verda, som omhandla slavehandel med Afrika, sukkerhandel med plantasjaneAntillane, og pelshandel med Canada. Dette var ein periode med store kunstneriske, kulturelle og arkitekturmessige prestasjonar for byen.

Byen mista til slutt handelen sin og vart mindre viktig under tiåra med Sjuårskrigen, Den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Under denne perioden mista Frankrike mange av territoria sine i Den nye verda, og vart ei svakare sjømakt med stadige konfliktar med britane.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Ubåten «Plongeur» frå 1863

I 1864 var hamna i La Rochelle åstad for dei første dykkeeksperimenta med dei første mekanisk drivne ubåtane i verda. Ubåten «Plongeur» var kommandert av Marie-Joseph-Camille Doré frå La Rochelle.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ubåtbasen i La Rochelle står framleis, og vart mellom anna brukt som eit sett for filmen Das Boot.

Under den andre verdskrigen oppretta Tyskland ein ubåtbase ved La Pallice (den største hamna i La Rochelle), som seinare vart brukt i filmen Das Boot. Ubåtscenene frå Indiana Jones-filmen Jakten på den forsvunne skatten (Raiders of the Lost Ark) vart òg filma i La Rochelle.

Som ein tysk skanse var La Rochelle den siste franske byen som vart frigjort mot slutten av krigen. Ei omleiring fann stad mellom 12. september 1944 og 7. mai 1945, der skansen, inkludert øyane og Île d'Oléron, vart halde av 20 000 tyske soldatar under ein tysk viseadmiral. Etter forhandlingar av kaptein Meyer i den franske marinen kapitulerte den tyske generalen 7. mai, og franske troppar gjekk inn i La Rochelle den 8. mai.

Folk frå La Rochelle[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Virilio (1932—2018), kulturteoretikar og filosof fødd i Paris

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Panorama over hamna i La Rochelle om natta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: La Rochelle