La Toya Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Toya Jackson
La Toya Jackson cropped.jpg
La Toya Jackson i 2010.
Verkeleg namn La Toya Yvonne Jackson
Fødd 29. mai 1956
Instrument Vokal
Sjanger Pop, rhythm and blues,
Aktive år 1972–
Yrke Songar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, dansar, skodespelar, forfattar, forretningkvinne
Tilknytte artistar The Jackson 5
Plateselskap Polydor, Epic, etc.
Nettside Offisiell nettside

La Toya Yvonne Jackson (fødd 29. mai 1956) er det femte eldste barnet og den nest-eldste dottera i familien Jackson frå Gary, Indiana.

Karrierestart[endre | endre wikiteksten]

Som syskena i Jackson-familien, voks La Toya opp som Jehovas vitne. Ingen av døtrene frå Jackson-familien deltok i The Jackson 5, men La Toya og storesystera Rebbie Jackson var med, song og dansa på fjernsynsprogrammet The Jacksons som gjekk på CBS på syttitalet. I 1980 debuterte ho som soloartist med plata La Toya Jackson. Oppfølgjaren My Special Love kom i 1981 og Heart Don't Lie i 1984. I 1985 deltok ho på støttesongen for svoltkatastrofen i Afrika; We Are The World. Plate nummer fire, Imagination kom ut i 1986, like før plateselskapet ho hadde signert kontrakt med, Private-I, gjekk konkurs.

Jack Gordon[endre | endre wikiteksten]

Ei stund etter å ha fått Jack Gordon som ny manager i 1987, vart La Toya Jackson stengt ute frå Jehovas vitne, og ho flytte til New York City. I 1989 poserte ho for magasinet Playboy. September same året vart ho tvangsgift med manageren Jack Gordon mot hennar eigen vilje. Ifylgje henne sjølv skal Gordon ha mishandla henne og truga henne. I 1991 gav ho ut sjølvbiografien La Toya: Growing Up in the Jackson Family, der ho m.a. skuldar faren for fysisk mishandling. Same året gav ho ut plata Bad Girl, den fyrste av fire plater som kom ut under ekteskapet hennar med Jack Gordon. Ein periode opptrådte ho også på Moulin Rouge i Paris.

I 1993 skal Gordon i Tel Aviv ha fått henne til å lesa opp ein påstand om at broren Michael Jackson hadde begått seksuelle overgrep. Ho miste all kontakt med familien under ekteskapet med Gordon. I 1996 fekk ho hjelp av broren Randy Jackson til å flykta frå Gordon, søkte om skilsmisse og saksøkte Gordon for kvinnemishandling. Ho skal ha gjenopptatt kontakten med familien Jackson etter dette.

Nyleg[endre | endre wikiteksten]

Den siste plata til Jackson var Stop In the Name of Love frå 1995. Sidan den gong har ho stort sett halde seg borte frå rampeljoset fram til 2000-åra. I den siste tida har ho gjeve ut nokre einskilde songar, m.a. Free the World, som ho laga etter 11. september 2001. Ho var aktiv deltakar under gravferda til Michael Jackson i 2009. Det er venta at ho vil gje ut eit nytt album, med tittelen Starting Over om ikkje lenge.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • La Toya Jackson (1980)
  • My Special Love (1981)
  • Heart Don't Lie (1984)
  • Imagination (1986)
  • La Toya (1988)
  • Bad Girl (1991)
  • No Relations (1991)
  • Formidable (1992)
  • From Nashville to You (1994)
  • Stop in the Name of Love (1995)
  • Startin' Over (?)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om La Toya Jackson, henta inn 5. april 2011.