Laboratorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laboratoriet på instituttet for biokjemi på universitetet i Köln i 2004.
Eit kjemilaboratorium frå 1700-talet utstilt på Naturhistorisches Museum (Naturhistorisk Museum) i Wien.

Laboratorium (frå latin: laborare, som tyder arbeide) er nemninga på ein type arbeidsplass eller lokale som hovudsakleg har med naturvitskapleg undervisning, forsking, eksperimentering, produksjon eller kvalitetskontroll av ymse materiale og organismar å gjere, og som har utstyr særleg tilpassa det aktuelle føremålet. Dei fleste laboratoria finn ein soleis innanfor til dømes faga kjemi, fysikk, biologi, farmasi, medisin og ingeniørvesen.

Ordet laboratorium har dessutan verte teke i bruk på ymse andre område; eit språklaboratorium er til dømes eit lokale med teknisk utstyr som gjer det lettare for elevar å lære seg framande språk.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.