Labrador-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Labrador-halvøya merkt med raudt

Labrador-halvøya (engelsk: Labrador Peninsula) er ei stor halvøy aust i Canada. Ho er avgrensa mot vest av Hudsonbukta, i nord mot Hudsonsundet, i aust mot Labradorhavet og i søraust mot St. Lawrence-bukta.

Labrador-halvøya omfattar regionen Labrador, som er ein del av provinsen Newfoundland og Labrador, samt regionane Saguenay-Lac-Saint-Jean, Côte-Nord og Nord-du-Québec; alle desse høyrer til provinsen Quebec. Halvøya har eit areal på 1 400 000 km2, og eit folketal kring 150 000 (2006).

Halvøya har namn etter den portugisiske oppdagaren João Fernandes Lavrador som nådde austkysten av Labrador i 1498. Året etter fekk han einerett på å utforske den atlantiske kysten av halvaøya av kong Manuel I av Portugal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]