Labradorhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Labradorsjøen)
Gå til: navigering, søk
Kart som viser plasseringa av Labradorhavet mellom Canada og Grønland, avmerkt som Labrador Sea.

Labradorhavet er eit randhav i Nord-Atlanteren ved nordaustkysten av Nord-Amerika, mellom Newfoundland og Labrador og Grønland. Han er avgrensa frå sjølve Atlanterhavet i sør av ei linje trekt frå Kapp Farvel på Grønland til Kapp St. Francis på austspissen av Newfoundland, og frå Davissundet i nord langs 60. breiddegrad.

Nordatlantiske havstraumar med Labradorstraumen sentralt plassert.

Labradorhavet er oppimot 1 millionar km² vidt, og har djupner ned mot 4 000 meter i dei sentrale, sørlege delane. I nord er havet avgrensa av ein terskel som er 800 meter djup.

Vatnet er varmare langs grønlandskysten enn langs labradorkysten, der ein finn den kalde Labradorstraumen. Den austlege tredjedelen av havet, bortsett frå kysten og fjordane til Grønland, er isfri året rundt. Den vestlege delen er isdekt halve året eller meir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°41′2″N 56°36′46″W