Lac d'Emosson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lac d'Emosson | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Valais |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | reservoar |
| Utsig | Barberine |
| Tilsigsområde | 34,91 km² |
| Tilknytte land | |
| Overflateareal | 3,27 km² |
| Største djupne | 161 m |
| Vassvolum | 227 mill. m³ |
| Høgd over havet | 1930 moh |
Lac d'Emosson er eit reservoar i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i kommunane Salvan og Finhaut. den næraste større byen i Sveits er Martigny. Innsjøen har eit overflateareal på 3.27 km² og ligg 1930 moh. På det djupaste er innsjøen 161 m.
Den første demninga i Emosson (òg kalla Barberine-demninga) vart bygd i 1925. Den noverande demninga med ei høgd på 180 meter stod ferdig i 1974 og sette den gamle demninga under vatn. Det auka volumet i reservoaret frå 40 mill. m³ til 227 mill. m³. Den gamle demninga kan ein framleis sjå når vassnivået er særs lågt.
Det vert nytta kabelvogn for å kome seg opp til demninga. Det er den brattaste taubanen for to kabinar i verda med ein gradient på 87 %[1][2].
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lac d'Emosson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: