Lace and Whiskey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lace and Whiskey
Studioalbum av Alice Cooper
Utgjeve 29. april 1977
Innspelt Soundstage i Toronto; Cherokee Studios i Los Angeles; Record Plant i New York; RCA i Los Angeles og Producer's Workshop i Los Angeles
Sjanger Rock, hardrock, poprock
Lengd 41:17
Selskap Warner Bros.
Kritikk
Alice Cooper-kronologi
Alice Cooper Goes to Hell
(1976)
Lace and Whiskey The Alice Cooper Show
(1977)

Lace and Whiskey er det tiande studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i mai 1977.

Etter mange år der Alice Cooper spelte ei mørk og vond rolle, bestemte hans eg for å prøve noko nytt og tok rolla som ein alkoholisert komisk privatetterforskar kalla «Maurice Escargot» - ein fiktiv karakter i same gate som Inspector Clouseau. Cooper er avbilda som Escargot på baksida av Lace and Whiskey, som framleis var eit rockealbum, men som stilmessig var påverka av kjærleiken Cooper hadde for 1940- og 1950-talsmusikk. Albumet nådde berre 42. plass i USA.

Den første singelen frå albumet, «You and Me», var ein easy listening-ballade, som gav Cooper den siste Topp 10-hitten i USA dei neste 12 åra. «(No More) Love at Your Convenience», ein disco-inspirert popsong som Cooper reknar som den verste songen han nokon gong spelte inn, vart gjeven ut som den andre singelen og gjekk ikkje inn på listene nokon stad. Det vart laga musikkvideoar for begge songane.

Cooper sin King of the Silver Screen-turne hadde ein scene forma som eit gigantisk fjernsyn. Cooper og dansarane hans kunne hoppe inn og ut av fjernsynet til filma koreograferte sekvensar under songane. Mellom songane vart det vist komiske reklamar. Turneen gjekk berre i USA, somrane 1977 og 1978 (kalla School's Out for Summer-turneen i 1978). Høgdepunkt filma på opningskvelden i 1977 synte ein særs rusa Cooper, og dette vart vist på fjernsynsspesialen Alice Cooper and Friends. Konserten i Las Vegas vart spelt inn og gjeven ut som konsertalbumet The Alice Cooper Show.

Etter turneen i 1977 la Cooper seg inn på eit rehabiliteringssenter i New York for alkoholisme.

Kort tid etter albumet kom ut, då det var klart at Alice ikkje kom til å få suksess, starta dei originale Alice Cooper-medlemmane Dennis Dunaway, Neal Smith og Michael Bruce eit nytt band med Mike Marconi og Bob Dolin kalla «The Billion Dollar Babies».[4] Michael Bruce song solovokal for bandet.

Lace and Whiskey vart digitalt remastra og gjeven ut på CD av Metal Blade Records i 1990.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Alice Cooper, Dick Wagner og Bob Ezrin, bortsett frå der andre er nemde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «It's Hot Tonight»     3:21
2. «Lace and Whiskey»     3:14
3. «Road Rats»     4:51
4. «Damned If You Do»     3:14
5. «You and Me»   Cooper, Wagner 5:07
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «King of the Silver Screen»     5:35
7. «Ubangi Stomp»   Chas Underwood 2:12
8. «(No More) Love at Your Convenience»     3:49
9. «I Never Wrote Those Songs»     4:34
10. «My God»     5:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1977 Popalbum 42

Singlar - Billboard (Nord-Amerika)

År Singel Liste Plassering
1977 «You and Me» Pop Singles 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Rolling Stone review
  3. Robert Christgau review
  4. Henderson, Alex. «((( The Billion Dollar Babies > Overview )))». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p24114. Henta 2010-03-19.