Lada Samara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lada Samara.JPG

Lada Samara er ein bilmodell frå den russiske bilprodusenten AvtoVAZ. Modellen var i produksjon frå 1984 til 2004, og blei selt i heimlandet som Lada Sputnik.

Modellen har henta sitt internasjonale namn frå byen Samara, Russlands sjette største by og administrativt senter i Samara oblast. Til tross for Porsche si deltaking i motorkalibreringa blei aldri Samara like populær som Zhiguli-modellen i Vest-Europa, sjølv om modellen var motorteknisk robust og langt meir moderne enn den tradisjonelle Ladaen, som var basert på Fiat-modellen 124 frå 1966. Samaraen hadde, i likskap med eldre modellar, ein del svake punkt i konstruksjonen, særleg var det elektriske systemet sårbart.

Lada Samara kom i tre variantar: 3-dørs kombikupé (2108/2131), 5-dørs kombi-kupé (2109/2114) og 4-dørs sedan (21099/2115).

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Motortype: Bensindriven, 2-kammers forgassar eller fleirpunkts innsprøytingssystem
Girkasse: 4/5-trinns manuell
Motorstorleik: 1100, 1288, 1500, 1568 cm3

Motoreffekt (kW/hk): 39/53, 49/67, 52/71, 66/90

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.