Ladejarlane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ladejarlane var ei norsk stormannsætt i tidleg mellomalder. Ætta har namn etter den gamle storgarden Lade i Trondheim. Opphavleg må ladejarlane stamma frå ei ætt som budde oppe ved grensa for den norske vikingtidsbusettinga i Malangen. Mange meiner og at ætta stammer frå Andøya og det gamle riket Omd. Ætta vert difor òg kalla Håløygætta. Mange av jarlane fekk ein heller uroleg daude. Riket deira tykkjest ha vore ein heller laust samanhengande «stormannsrepublikk», ein konføderasjon med dei sjølve på toppen. Ladejarlane forsvarde heidendomen mot dei nye kristenkongane. I jarlane sitt kjerneland er gardsnamnHov vanlege, same samfunnsstruktur som i det gamalnorske jarleriket på Orknøyane. I enkelte soger vert Ladejarlane sagt å stamma frå sjølvaste Odin.

Dei mest kjende av jarlane var Håkon jarl Sigurdsson, som vart drepen av trælen sin KarkRimol i Gauldalen i 995, og sønene Eirik Håkonsson jarl og Svein Håkonsson jarl. I deira tid var dynastiet på Lade eit internasjonalt fyrstehus, nær knytt til den danske kongsætta. Etter dansk tradisjon, attgjeve av Adam av Bremen, var Håkon jarl den fyrste som tok kongsnamn i Noreg. Fyre det var han danekongens jarl, og drog i leidang saman mot keisar Otto I av Det tysk-romerske riket. Kring 985 sa Håkon seg laus frå danskane, og sigra over Jomsvikingane i slaget ved Hjørungavåg. Sonen Eirik, som leia slaget, hemna ved Svolder i år 1000 far sin og følgde seinare danskekongen Knut den mektige til England, der Eirik vart jarl av Northumberland. Einast når jarlane var utanlands, kunne Heilag-Olav freista væra konge i Noreg. I norsk sogeskriving er ladejarlane fortrengde av den kristne tradisjonen frå Snorre Sturlason av. Snorre teikna likevel i stuttmål eit både skarpt og levande bilete av jarlane. Truleg er Snorre si skildring tufta både på munnleg tradisjon frå sin ven hertug Skule, siste representant for jarletradisjonen i rikspolitikken, og på den no tapte soga om dei. Halvdan Koht hevda at dei fleste norske stormennene i mellomalderen som kjempa mot kongsmakta, var ætta frå ladejarlane.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]