Lady's Rock

Koordinatar: 56°26′56″N 5°37′0″W / 56.44889°N 5.61667°W / 56.44889; -5.61667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lady's Rock
skjer
Lady's Rock med Isle of Mull i bakgrunnen.
Foto: Callum Black
Land  Storbritannia
Kart
Lady's Rock
56°26′56″N 5°37′00″W / 56.448888888889°N 5.6166666666667°W / 56.448888888889; -5.6166666666667
Wikimedia Commons: Lady's Rock

Lady's Rock er eit skjer sørvest for Lismore i Indre Hebridane i Skottland. Det ligg under vatn ved høgvatn og har ei fyrlykt.[1] Eilean Musdile ligg i nordaust ved sidan av Lismore.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Lady's Rock har fått namnet sitt frå Lady Catherine Campbell, syster til jarlen av Argyll, som var gift med Leachlean Cattanach, leiaren av klanen Maclean. Ein gong rundt 1500-talet skal han av uklare grunnar ha ønskt å kvitta seg med kona si. Han rodde ho ut til skjeret ei natt ved lågvatn, og etterlét ho der for å døy. Dagen etter såg han mot øya frå Duart Castle og såg ikkje teikn til liv. Han sendte derfor melding til jarlen ved Inveraray Castle om at syster hans var forsvunne på sjøen.

Då Leachlean neste gong kom til Inveraray for å møta jarlen av Argyll, sat Lady Catherine og venta på han. Ho hadde vorte redda frå skjeret same kvelden av ein fiskarbåt. Det vart ikkje sagt eit ord om hendinga under vitjinga. Jarlen hindra nokre av klansmennene sine frå å leggja hand på Leachlan, og han fekk lov å reisa heim. Nokre år seinare skal han ha vorten myrda i senga si i Edinburgh av Sir John Campbell av Calder, den andre broren til Lady Catherine.

Hendinga har gjeve opphav til diktet «Glenara» av Thomas Campbell.

Forlis[endre | endre wikiteksten]

Skjeret har vore opphav til fleire forlis, som skonnerten «Rhind» i 1851, ketsjen «Celerity» i 1858 og dampskipa «Mountaineer» i 1889 og «Clydesdale» i 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Murray (1977) s. 157-58

56°26′56″N 5°37′0″W / 56.44889°N 5.61667°W / 56.44889; -5.61667