Laft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lafta hushjørne frå Odalen. Ein kan sjå korleis stokkane ligg med toppende og rotende annakvar gong.
Foto: Kjetil Lenes

Laft eller lafteverk er ein type bærekonstruksjon som var den mest brukelege til å bygge trehus i Noreg frå vikingtida og fram til midten av 1800-talet. Laftinga blir gjort av tømmerstokkar som blir lagde vassrett og stabla oppå kvarandre. Stokkane blir lagde i kryss så dei ligg i same nivå i to parallelle vegger, mens stokkane i dei to veggane imellom ligg ein halv stokkhøgd høgare. I hjørna (lafta, knutane eller nøvene) blir stokkane skore saman med underhogg og overhogg som låsar dei til kvarandre. Ordet laft tyder opphavleg hjørne.

Stokkar i same vegg blir tilpassa til kvarandre ved å hogge eit v-forma spor (medfar eller mosefar) i underkanten av overliggjande stokk. Presis tilpassing til den runde overkanten av underligjande stokk vert gjort med meddragning, som vil seie at ein kloforma reidskap rissar konturen av understokken inn i overstokken. Til tetting mot trekk blir det under opplaftinga lagt husmose mellom stokkane, slik at mosen fyller både medfaret og laftehogga. Stokkane vart lagde andføttes i same veggen, toppende over rotende, slik at ulike stokkhøgder vart utjamna.

I løer og andre uthus som skal vere luftige, vert veggene lafta av rundtømmer utan medfar. Utafor Norden kjenner ein til lafting heilt utan meddrag, der tetting mellom stokkane vert gjort med leirklining eller dytting.

[endre] Kjelde

  • Bokmålswikipediaen

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk