Lag i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lag i Salta i Argentina

Eit lag i geologi er eit samanhengande, sjiktforma førekomst av lausmasse eller bergart med einskaplet samansetnad. Særskild er laga karakteristisk for sedimentære og vulkanske bergartar, men kan òg finnast hos djupbergartar danna ved krystallisasjon frå eit magma (t.d. lagdelt gabbro).

Sediment blir nesten alltid avsett på tilnærma horisontale underlag og vil difor liggje i horisontale lag med dei eldre laga nedst, dei yngre øvst. Når avleiringa skjer i sterkt strøymande vatn eller ved vind, kan laga bli skråstilte. I sedimentære avleiringar vil det særs ofte bli ei veksling i kornstorleik frå lag til lag pga vekslande straumsnøggleik (t.d. sand vekslande med grus) eller veksling av ulikt slags sediment (t.d. leir- og kalkavleiringar). Denne vekslinga av sedimenttypar vil sett i tverrsnitt vise seg som striper og band.

Sedimentære bergartar vil lett kløyvast etter lagflatene. Medan grovkorna sandsteinar og kalksteinar blir delt opp i tjukke, opptil metertjukke benkar, kan finkorna sedimentbergartar delast opp i tynne, ned til millimetertynne flak. Bergarter som har vore utsett for mekanisk press og omkrystallisasjon, får ei kløyving eller skifrigheit som ikkje alltid fell saman med lagflatene, men kan skjære desse i ein kva for ein som helst vinkel.

Ei lagflate er ei flate i ein lagdelt bergart som kjem fram ved oppsplitting langs plan som er meir eller mindre parallelle med den generelle orienteringa av laget.

Ei lagstilling er stillinga til eit lag i tilhøve til horisontalplan og kompassretningar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]