Lagrette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lagrette er nemninga på eit utval av lekfolk som avgjer skuldspørsmålet i straffesaker som har kome opp for lagmannsretten, og som gjeld brotverk der strafferamma for lovbrotet er meir enn seks års fengsel. Lagretta er den norske versjonen av prinsippet med jury i straffesaker som mange land held seg til i ein eller annan variant.

Ei lagrette vert sett saman for kvar einskild sak ved at det vert gjort lutdraging blant medlemer av to utval, eit utval av kvinner og eit utval av menn, som vert valt kvart fjerde år. Lagretta er på ti medlemmer, fem av kvart kjønn, og har som einaste oppgåve å avgjere sjølve skuldspørsmålet i straffesaka. For at påtalemakta kan få medhald i påstanden om at den tiltalte skal straffast, må sju eller fleire av dei ti lagrettemedlemene seie seg samd i at vedkomande er skuldig, elles skal lagmannsretten seie frikjennande dom. Skuldspørsmålet vert avgjort i form av at lagretta skal svare «ja» eller «nei» på eit spørsmålsskrift som er formulert på grunnlag av tiltaledokumentet frå påtalemakta.

Under drøftingane og røystinga i lagretta om avgjerda av skuldspørsmålet skal lagretta ha drege seg attende i einerom for at denne parten av førehavinga skal gå føre seg i løynd, og avgjerda i lagretta skal ikkje grunngjevast. Lagretta skal på førehand ha valt ein leiar som mellom anna har til oppgåve å lese opp svara om skuld eller ikkje skuld for den samla lagmannsretten.

Før lagretta dreg seg attende frå rettssalen for drøfting og røysting i einerom, har lagmannen gått gjennom det spørsmålsskriftet som lagretta skal svare på, summert opp dei viktigaste prova i saka så lagt det er naudsynt, og gjort greie for korleis lova skal tolkast. Lagretta står heilt fritt med omsyn til korleis dei vil vurdere dei prova som er lagt fram i saka, og kan sjå bort frå eventuelle ymt eller ytringar frå lagmannen om kor sterke eller svake prova er. Men lagretta er bunde av det lagmannen seier om dei rettslege spørsmåla som saka reiser. Partane i straffesaka kan difor krevje å få protokollert konkrete delar av utgreiinga, for seinare å kunne nytte det protokollerte som grunnlag for ei anke til Høgsterett over den lovtolkinga som lagretten har lagt til grunn for avgjerda si.

Ordninga med lagrette vart innført i Noreg med straffeprosesslova frå 1887, og ordninga vart oppretthalde i straffeprosesslova frå 22. mai 1981. Men etter at denne straffeprosesslova vart sett i verk i 1986, er det gjort fleire endringar som har innskrenka talet på straffesaker der skuldspørsmålet skal avgjerast av ei lagrette. Dei nogjeldande reglane skriv seg frå den såkalla to-instansreforma frå 1995, som fastsette at alle straffesaker fyrst skal opp for tingretten, og deretter om naudsynt kunne krevjast inn for lagmannsretten til førehaving, i motsetnad til tidlegare, då lagmannsretten var fyrsteinstans for saker som galdt alvorlege brotsverk, og skuldspørsmålet i slike saker difor var avgjort ein gong for alle etter førehaving i berre ein instans. No skal lagmannsretten som hovudregel berre setjast med lagrette når det er anka over tingretten si vurdering av dei prova som har med skuldspørsmålet å gjere, og anka dessutan gjeld straff for eit brotsverk som etter lova kan gje fengselsstraff i meir enn seks år. I andre straffesaker skal retten setjast som meddomsrett, det vil seie at juridiske dommarar (fagdommarar) og lekdommarar (meddommarar) avgjer alle sider av saka saman og på like fot.

Fagdommarane i lagmannsretten kan i særlege høve setje lagretta si avgjerd i skuldspørsmålet til sides dersom dei meiner at avgjerda ikkje kan vere rett, men dette er sjeldsynt. Saka vert då teke opp att i lagmannsretten etter særlege føresegner for slike høve. Avgjerda av skuldspørsmålet i straffesaker kan ikkje ankast inn for Høgsterett. Høgsterett må vise saka attende til lagmannsretten til ny førehaving med omsyn til skuldspørsmålet dersom retten, etter ei anke frå tiltalte eller påtalemakta, kjem til at det er gjort slike feil i lovtolkinga eller saksførehavinga i lagmannsretten at det er grunn til å få skuldspørsmålet vurdert på nytt.

Ein eller anna form for lagrette- eller juryordning i straffesaker vert no nytta i store delar av verda. Ordninga har truleg sitt eigenlege opphav i England i gamal tid, eventuelt etter å ha vorte introdusert i England av normannarane, som erobra England i 1066.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Lagmannsrett