Lagrime di San Pietro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagrime di San Pietro
Madrigalar av Orlande de Lassus
Sjanger Vokalmusikk
Periode Renessansen
Publiseringsdato 1595
Typisk lengd 55:37

Lagrime di San Pietro ('Tårene til St. Peter') er ein syklus på 20 madrigalar og ein avsluttande motett av Orlande de Lassus frå seinrenessansen. Det var den siste komposisjonen hans, skriven i 1594 og gjeven ut i München i 1595 etter han døydde. Han vart tileigna pave Klemens VIII den 24. mai 1594, berre tre veker før han døydde.

Verket består av 21 dikt av den italienske diktaren Luigi Tansillo (1510–1568) som syner forskjellige sorgstadium hos sankt Peter etter at han fornekta Jesus og hugsar åtvaringa til Jesus.(Matt. 26:69–75). Verket er for sju stemmer og talsymbolismen kjem att gjennom heile verket: Dei sju stemmene representerer dei sju sorgene til Jomfru Maria, i tillegg er mange madrigalane i sju delar.

I tillegg nytta Lassus alle sju kyrkjetoneartar. Madrigalane er gruppert på rad med madrigal 1 til 4 i toneart 1, 5 til 8 i toneart 2, 9 til 12 i toneart 3 og 4, 13 til 15 i toneart 5, 16 til 18 i toneart 6 og 19 og 20 i toneart 7. Den avsluttande motetten er basert på tonus perigrinus.

Musikalsk er Lagrime ei oppsummering av stilane til Lassus gjennom heile karrieren hans. I syklusen nyttar han teknikkar han lærte tidleg i karrieren som komponist av verdslege madrigalar; kromatisisme knytt til det tidlegare meisterverket hans Prophetiae Sibyllarum; og det konsise, raffinerte og nesten spartanske språket han utvikla seinare i karrieren, knytt til Palestrina-stilen, der ingen tonar er overflødige. Musikken er nøye skapt med tanke på ordval og inneheld pausar der det er naturleg for songaren å trekke pusten. Verket er heilt gjennomkomponert utan gjentaking eller overflod.

Det siste stykket i settet er ikkje ein mardrigal, men ein latinsk motett, Vide homo, quae pro te patior (Sjå, menneske, korleis eg lid for dykk). Her talar den krossfesta Kristus i førsteperson og konfronterer sviket til Peter og synda til heile menneskeheita.

Lagrime di San Pietro er truleg det mest kjende settet av madrigali spirituali som nokon gong er skriven. Sjølv om det var få religiøse madrigalar av alle madrigalane som vart skriven, vert dette settet av Lassus ofte rekna som det aller beste dømet på polyfoni frå renessansen og kom heilt på slutten av epoken. Berre ti år etter verket kom ut hadde mange senter bytta stilen ut med monodi og basso continuo, som kjenneteiknar barokken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]